Fleire lokale søkjarar til ny rådmannsstilling

Martin W. Kulild er ein av dei 13 som ønsker den nye rådmannsstillinga i Øygarden kommune.

Martin W. Kulild er ein av dei 13 som ønsker den nye rådmannsstillinga i Øygarden kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Noverande rådmann i Meland kommune, Martin William Kulild, er ein av dei tolv søkjarane til nye Øygarden kommune, som frå 1. januar 2020 skal bestå av Øygarden, Sund og Fjell kommune.

I november 2017 skreiv Avisa Nordhordland om den pågåande tilsetjingsprosessen for å finne rådmann til nye Alver kommune, der tilsetjingsbyrået Visindi brukte fleire personlegdomstestar for å finne ut kva for ein av dei to kandidatane som var best egna til jobben. Kulild fekk ikkje denne, til fordel for Ørjan Raknes Forthun. Kulild fekk seinare jobben som assisterande rådmann i Alver kommune, men har no søkt seg vidare.

Noverande rådmann i Osterøy kommune, Ingvild Hjelmtveit frå Seim, er også å finne på søkjarlista publisert av Fjell kommune. I 2011 starta ho i jobben som rådmann i Meland kommune, før ho i 2017 vart tilsett på Osterøy.

Desse har søkt jobben som rådmann i nye Øygarden kommune:

Thorbjorn Gaarder (63), chief credit officer, Oslo

Ingvild Hjelmtveit (51), rådmann, Bergen

Gunnar Selvik (55), direktør, Paradis

Inge André Utåker (55), regionssjef, Bergen

Remi Krognes (35), butikksjef, Kleppestø

Rune Lid (51), rådmann, Godvik

Berit Karin Rystad (52), leiar for sykkel og mobilitet, Bymiljøetaten, Bergen

Martin William Kulild (54), rådmann, Bergen

I tillegg er fire søkjarar unnatekne offentlegheit.

Artikkeltags