Gå til sidens hovedinnhold

Råd frå Røde Kors: – Vel hyggje framfor lang topptur med ungane

Artikkelen er over 1 år gammel

Røde Kors har den siste tida hatt fleire utrykkingar der foreldre har større turambisjonar enn ungane, og rår familiar til å vektleggje hyggje framfor kilometer.

– Det er flott at mange vel å dra på turar saman med barn i sommar. Samtidig må vi jamleg hente eller hjelpe familiar som overdimensjonerer turen, seier Kjersti Løvik, landsrådsleiar for Røde Kors Hjelpekorps i ei pressemelding.

Mange familiar ferierer i Noreg i sommar, i både fjellheimar og ved fjordar.

Røde Kors ber no turgåarar vere medvitne om turvalet, etter ei veke og helg med fleire redningsoppdrag over heile landet. Mange turgåarar har fått problem etter dårleg vêr eller skadar, og redningsbåtar frå Røde Kors har hatt fleire oppdrag.

– Det hender at vi må hente veldig små barn som er på tur med familien. Det er vi vaksne som set dei i situasjonar dei ikkje har føresetnader for å meistre og som derfor lett utviklar seg til farlege situasjonar. Gi barna gode meistringsopplevingar, så kan ein heller gå Besseggen og ha andre mål når dei har blitt eldre og meir turvande, seier Løvik.

Ho presiserer at det er forskjell på situasjonar ein taklar som vaksen og situasjonar ein taklar som åtteåring.

Så langt i fellesferien har Hjelpekorpset hjelpt fleire familiar på tur ved nokon av dei mest populære turistområda i Noreg.

Jane Britt Daae og Solfrid Hjelmtveit har vore på langtur i vakre Masfjorden:

I år søkjer mange nære tur- og ferieopplevingar. I Nordhordland er me heldige å har mykje flott av natur og turområde. Kanskje det er noko å oppdaga i heimefjella, like rundt nova?

Ruta rundt fjorden

To turkameratar fann ut at dei likegodt kunne gjere ein «storeslem» å gå rundt Masfjorden, sjølve fjorden. Ein såpass dryg tur ville by på mykje og det var ingen grunn for å ta noko snarveg.

Turen gjekk frå Kvingedalen til gamle Andviksetra, Nørlandsetra, Andviksetra, Ådnekvamsetra, Kupesetra, Haugsdalsetra, Gleinefjellet, Kringlebotn, Stordalen fjellstove, Vågsetstølen, Dukestølen, Kalhovdestølen, Fossdalstølen, Vardefjellet, Gunnarbuøyra, Frøyset.

Fjorden rundt på seks dagar. Ferdig arbeid.

Me både fann stiar og gjekk våre eigne vegar, nesten som ein ekspedisjon med både det kjende og ukjende.

Me oppdaga særpreg og kvalitetar som gjer oss stolte.

Heimefjella står ikkje tilbake for noko.

Traska 208 396 steg gjennom vakre natur- og kulturlandskap. Utfordra av fossar som dundra, stiar som svinn, og steinurar som skarpast, børa på ryggen, og at reimar og ledd held heilt fram.

Gleda over dei enkle, men viktige ting. Stillheita og roen i fjella, både den urørde naturen og det menneskeskapte kulturlandskapet med setrar og stølsvegar som over lang tid har knytt fjord, fjell og folk i lag.

Setrane som kulturhistoriske perle, minner oss både om stølslivet og Bjørn West – styrken sin tøffe innsats for landet, deg og meg.

Fjella og bygdene husar godt folk, og turen vår møtte deira hjartelag. Dei synte veg og ga husly.

Eigarar av flotte setrar i Kupa og på Kalhovde bau oss inn. «De er velkomne om de vil inn, ta dykk til rette og ta eit glas vin».

Stordalen fjellstove klekkjer nytt liv og lagnad. Ga vandrarane rause porsjonar, meir enn dei klarde å ete.

Til nistepakkane fekk me alt av det nysteikte brødet, eggerøre og små beger med kaffifløyte. Undervegs sytte gode hjelparar for selskap og påfyll av polarbrød, skinke og majones.

Sauene på beite møtte oss nyfikne og lystne på noko godt eller nytt. Myrulla vinka og soldoggen blenkte i sola.

Som eit eventyr på eit stykke mjølkesjokolade. Heldige er me, og me fann det like rundt nova.

Teksten er skriven av Jane Britt Daae, nestleiar for Nordhordland Turlag.

Veit du kva fjelltopp som er høgast i kommunane våre? Her kan du sjekke og teste deg sjølv

Kommentarer til denne saken