Zumba-maraton i Meland søndag

FULL RULLE: Søndag blir det Zumba-maraton i Meland aktiv. Inntekta går til Støtteforeninga for kreftsjukebarn.

FULL RULLE: Søndag blir det Zumba-maraton i Meland aktiv. Inntekta går til Støtteforeninga for kreftsjukebarn.

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Til inntekt for Støtteforeninga for kreftsjuke barn.

DEL

– Det blir sosialt, moro, og god trim. Og best av alt – deltakarane støttar ei fantastisk sak, seier Zumba-instruktør Linda Meyer. Ho driv zumbatrening på Rossland skule med 60-70 på vaksenpartiet om tirsdagskveldane.

Zumba-maratonen søndag er lagt til Meland aktiv for å vera sikker på at det er plass til alle som kjem. Samlinga startar kl. 13.00 og held på i fleire timar.

– Du treng ikkje vera med heile tida, fortel Linda, som også fristar med kaker og forfriskningar i mellom øktene.

- Bli støttemedlem

Støtteforeninga for kreftsjuke barn vil vera til stades for å informera om sitt arbeid og ta i mot nye medlemar. Det kostar ein hundrelapp å vera med på maraton-zumbaen. Men dei som melder seg inn i støtteforeninga (200 kroner) slepp inngangspengane.

Gjer ein flott jobb

– Støtteforeninga for kreftsjuke barn gjer ein utruleg flott jobb, seier Linda Meyer, som har vore zumba-instruktør på støtteforeninga sitt årleg tilbod ”Ferie med meining”.

I tillegg til Zumba for dei vaksne, er det eige aktivitetsrom for borna, og ei samling der barn og vaksne kan dansa saman. Det blir premiering på inngangsbilletten.

Artikkeltags