Det seier Bjørn Jensen, frontfigur i Vinskvetten, til avisa Nordhordland.

Denne veka vart det kjent at strilane i Vinskvetten stikk av med årets Medaaspris.

– Uvanleg på NRK

Medaasprisen vert årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen vert delt ut under Medaaspriskonserten i september.

– Det som er så gøy med Medaasen er at det er han som har vore forbildet vårt, med humoren sin og med måten han song på plata, fortel Jensen.

LES OGSÅ: Tek Medaasen til bydn

Han viser til at Medaas skreiv og song slik dei sjølv gjorde.

– Det var uvanleg på NRK?på den tida, peikar han på.

Det gav dei inspirasjon til å halda på dialekten sin, då dei byrja.

– Ivar Medaas var den største inspirasjonskjelda vår, legg han til.

– Så no har de berre gått og venta på å få denne prisen då?

– Ja, eg har jo lurt på kva som har vore kriteria for å få denne prisen. Men no fall alt på plass, seier han og ler.

Frå garderoben til scena

Vinskvetten oppstod under 40- års jubileet til IL Norna-Salhus i 1975. Gruppa hadde sitt utspring i fotballaget til IL Norna-Salhus og opphavsmennene tok det ikkje altfor lange steget frå garderoben til scena i 1975, då under namnet Salhusvinskvetten Vodka Cinzano, ein parodi på Salhuskvintetten Olkabilamo.

LES OGSÅ: Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar

Vinskvetten har gjeve ut sju CD-ar, tre singlar, to DVD-ar og stått bak eit utal revyar og kabaretar. Karane frå Rothålå har seld til tre gullplater og totalt nærmare 150 000 plater og 10 000 DVD-ar, sjølv om dei knapt er kjende utanfor Hordaland.

I fjor haust var dei aktuelle med show i Bergen, og til neste år er dei klare med nok eit show.

Denne gongen er det 40-årsjubileet som skal feirast.

– Kva med ny plate, er det på gang?

– Vi har diskutert det, men det sel jo ikkje. Det er jo nesten ingen som kjøper plater lenger, seier han.

Ungt publikum

Men dei avviser det ikkje heilt.

– Vi har ikkje tatt noko standpunkt, men har vi nok gode songar til ei plate, så kan det verta noko, seier han.

LES OGSÅ: Olav Stedje fekk Medaas-prisen

Og sjølv om dei snart har halde på i 40 år, får dei stadig nytt publikum.

– Det vi merkar på showa våre er at det er mange ungdommar i 20-årsalderen der. Folk som høyrde på når mor og far spelte platene kjem no på bana, seier han.

– Korleis skal de feira prisen?

– Med bollar og brus. Og ein heidundrandes fest i Floren, øvingslokalet vårt, sluttar han.

LES OGSÅ: Video-suksess med Ingolf Kvamme