Vil at fleire spring for livet

FØREBYGGING: Trening som førebygging er tema for Johan Kaggestad sitt foredrag.

FØREBYGGING: Trening som førebygging er tema for Johan Kaggestad sitt foredrag.

Artikkelen er over 4 år gammel

Vibeke Bjerg hadde aldri overlevd hjernesvulsten om ho ikkje hadde vore i god fysisk form. No inspirerer ho andre.

DEL

Folkehelseprosjektet «Lettare til fots» i regi av KnarvikMila har fått mange opp av godstolen og ut for mosjonera.

Kaggestad på tirsdag

Men framleis er det mange som treng eit ekstra dytt til ei sosial og helsefremjande kvardagstrening. Som drahjelp har KnarvikMila invitert tre spennande inspiratorar til Knarvik ungdomsskule.

LES OGSÅ: Ny forsking viser at hagearbeid og søndagsturar er nok til å auka levealderen

Tirsdag kveld vil Johan Kaggestad snakka om trening som førebygging og behandling av fysisk og psykisk helse.

LES OGSÅ: Line og Svanhild er hekta på trening

Kaggestad er mellom anna kjend som trenaren til Ingrid Kristiansen og Grete Waitz, og som TV2 sin ekspertkommentator på sykkel.

– Han har engasjert seg innanfor folkehelse, og er opptatt av trening for både toppeliten og meinigmannen, seier Brekke.

Kvinne-inspirator

Onsdag 22. oktober er det to kvinner som har oppdraget med å inspirera nordhordlendingar til å byrja trena.

Vibeke Bjerg sitt foredrag har fått tittelen «Løpe for å leve». Ein tittel som ho absolutt kan stå inne for, ut frå eiga erfaring.

–Ho var aktiv og trente då ho fekk hjernesvulst, og er sjølv veldig klar på at ho aldri hadde komme seg gjennom sjukdommen om ho ikkje hadde vore i god fysisk form, seier Brekke.

LES OGSÅ: Helse i kvart eit steg

Bjerg er kvinna bak organisasjonen FemiRoma, som har som mål å få kvinner til å byrja springa. Det har mellom anna resultert i at etter eit år med trening, sprang 120 kvinner Roma Marathon i vår – med gründeren i heiagjengen.

– Ho har ein fantastisk evne til å engasjera og inspirera folk, seier Brekke.

– Aldri for seint

Trent aktivt i eit år no, har og tidlegare forsvars- og helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Utfordra av Helge Breke sprang ho årets KnarvikMil.

– Eg er imponert over innsatsen og positiviteten hennar, seier han. Så er då og tema for Strøm-Erichsen sitt foredrag den same onsdagskvelden; «Aktiv i kvardagen – aldri for seint å begynna».

LES OGSÅ: I mai vart ho lungetransplantert. Søndag deltok Aud i Knarvikmila

– Etter jul har vi planar om eit livsstilsseminar med professor Leif Inge Tjelta som har forska på kor viktig det er å få folk til å mosjonera, seier Brekke. Han er travelt opptatt med å promotera KnarvikMila i utlandet, med god støtte frå Hordaland fylkeskommune som han seier saman med Innovasjon Norge har ført Knarvikmila til nye høgder.

Artikkeltags