Vert rost opp i skyene

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Forfattardebutanten Jan Roar Leikvoll.

DEL

Terningkasta har vorte mange og høge. Bokomtalane mange og gode. Jan Roar Leikvoll frå Meland er årets mest omtalte og originale forfattardebutant.

Dagens Næringsliv omtalar forfattaren som ein sterk kandidat til årets debutantpris. Til dette responderer han fylgjande:

– At eg tilhøyrer dei omlag to prosenta som fekk gitt ut bok på eit så stort forlag som Samlaget i år, er meir ein stort nok for meg.

- Har lest mykje

– For å verta god til å skriva, må ein først verta ein god lesar, seier Jan Roar Leikvoll, som har lese mykje frå han liten.

– Eg kan sitera frå eit dikt av poeten Tor Jonsson eg las da eg var ein liten gut, eit dikt som skulle koma til å bety mykje for meg:

– ”Berre kjærleik og død, kjærleik og død”, resiterar han.

For oss som har lese boka, tenkjer vi at dette vart ein inspirasjonskjelde for forfattaren.

Grenselaust

Bakteppet i debutboka er ein fangeleir der kvar einaste moralske og juridiske speleregel er fjerna.

Dermed kan hovudpersonen i boka skyva alle kjende grenser til sides, for å oppnå det han vil; nemleg å verta elska.

Les heile portrettintervjuet med Leikvoll i papirutgåva lørdag...

Artikkeltags