Gå til sidens hovedinnhold

Velfortent heider til strilemusikken

Artikkelen er over 7 år gammel

MELAND: Heilt sidan oppstarten for snart 40 år sidan, har dei sunge og gjøgla på strilamål. Då årets Medaaspris vart delt ut søndag kveld, fekk Vinskvetten omsider heideren dei fortener.

– Dette er veldig stort for oss. Då vi vaks opp var det jo Ivaren (Medaas) som var den store stjerna, saman med Josefen (G. Larssen), Monraden (Holm Johnsen) og Jon Eikemo Ja, og så du, då, seier Vinskvettens eigen Bjørn Jensen, og får konferansier Dag Lindebjerg fullstendig ut av stilen i nokre sekund, til publikum si store fryd.

Det er ei herleg stemning på scena i storsalen på Nordhordland Folkehøgskule i minutta etter at fire frammøtte Vinskvetten-karar har motteke det synlege beviset på at dei er vinnarar av årets Medaaspris. Slik er det vanlegvis med Vinskvetten. Ein treng ikkje ha ti halvliterar innanbords for å koma i godt humør av karane frå Rothålå. Dei snakkar frå levra, og tar ting på sparket. På sin eigen dialekt, og alltid med glimt i auga. Slikt vert det mykje moro av.

Les også: Deler ut årets medaaspris

Når Lindebjerg kallar Vinskvetten-karane inn på scena, er det etter at ei rekkje utruleg dyktige artistar har vore i aksjon, og heidra både prisvinnaren og ikkje minst opphavsmannen til prisen.

Med Ivar Medaas sin næraste familie på første rad, har etter tur barnekoret Tiriltunge, felekunstnaren Øivind Vabø, gitargeniet Mads Eriksen, songarane Kai og Tine Taule og operatalentet Lydia Hoen Tjore tatt ein fullsett sal med på reiser rundt om i store delar av den musikalske verda, med ei utruleg vakker avslutning ute i den strilske naturen.

Det heile har vorte sikkert leia av kapellmeister Gunnar Bjelland og konferansier Lindebjerg, og Medaasen sjølv hadde truleg vore stolt om han hadde fått oppleva det heile.

Les også: – Skandale at fela til Ivar'n er borte

No står altså prisvinnarane sjølve på scena, slik dei har gjort det så mange gonger tidlegare. Dei er kledd i sine vanlege sceneklede, også desse ein hyllest til gamle striledagar. Folk forventar tøys og vitsar, og dei er sjølvsagt ikkje langt unna.

Stemninga vert raskt god, men karane har ikkje berre gjøgling med seg i bagasjen. Innimellom låtar om julegåvepanikk, striledansar, AFP-problematikk og skulebøller, har nemleg Vinskvetten også mykje kulturhistorie på CV-en sin. Og det er desse låtane publikum får høyra i løpet av den avsluttande halvtimen av prisvinnarkonserten denne søndagskvelden.

Les også: «Eg reiste jo gratis med Dampen, for eg var så svaksynt at eg vart rekna som blindpassasjer om bord»

– Fabrikken var sjølve hjarta i Salhus før i tida, og den var også utruleg viktig for nordhordlendingane. Ivar Medaas sette ord på det på denne måten: «Fabrikken i Salhus ausar ut jenter til heile Nordhordland», seier Lindebjerg, til mykje latter frå salen.

Jensen stadfestar viktigheita av den gamle trikotasjefabrikken på oppsida av Salhuskaien.

– Eg var jo sjølv så heldig å få sommarjobb her, og denne vedvarte i 13 år. Eg byrja på golvet, i kjeledress, og etter kvart vart eg oppgradert til symaskinreperatør. Eg fekk ikkje så mykje meir i løn, men statusen var ein heilt annan. Og så fekk eg ein slik flott blå frakk med litt verktøy i lommene. Det var stas, minnast Jensen, før den første av kveldens Vinskvetten-låtar vert drege i gang.

Les også: Kiwi-Ronny lovar dusør til den som finn fela til Ivar'n

Les meir om Medaasprisen og sjå fleire bilde i papirutgåva av Nh onsdag.