Valdteken melandjente lagar film om marerittet

Linda Steinhoff frå Meland.

Linda Steinhoff frå Meland. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Linda Steinhoff frå Frekhaug vart valdteken som 18-åring. Nå har ho fått over éin million kroner til å laga film basert på eigne opplevingar.

DEL

«Voldtektslandet Norge» skal handla om korleis valdtektsofre blir møtt av systemet som skal hjelpa dei og korleis dette systemet i seg sjølv kan opplevast som endå ein overgripar.

Det skriv BA.

Regissøren Linda Steinhoff (34) har ein svært personleg omgang med temaet. Ho vart for 16 år sidan valdteken av ein person ho kjende. I dag slit ho framleis med psykiske problem på bakgrunn av dette.

Overraska over haldningar

Først no har ho også meldt saka og utfallet er endå ikkje klargjort. Først vart saka lagt bort som forelda, men på grunn av valdtektas grovskap er det mogleg den går under ein annan paragraf.

LES OGSÅ: Austrheim i eksklusivt «Tore på sporet»-selskap

Linda Steinhoff prata med p3.no i sommar om sine opplevingar.

– Eg vart valdteken i 1997. Det var ei forferdeleg oppleving som sette i gang mange tankar og spørsmål som eg framleis ikkje føler eg har fått gode nok svar på. At eit så velståande og velutvikla samfunn som Norge i det heile tatt har eit valdtektsproblem, synest eg er rart.

– Eg blir stadig overraska over folks haldningar til valdtekt, og eg synest det er synd at dei fleste synest det er så vanskeleg å snakka om valdtekt på ein naturleg måte.

LES OGSÅ: Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar

– Etter å ha jobba rundt ti år med spelefilm med utfordrande tema blant anna i Irak, føler eg at eg no endeleg er klar for å laga ein film i Norge om temaet som har prega så mykje av mitt vaksne liv, sa ho den gang.

Internasjonalt potensial

– Regissøren ønsker med humor å fortelja si historie og om korleis systemet som skal hjelpa i slike saker kanskje i seg sjølv kan opplevast som ein overgripar. Ho ønsker også å forstå valdtektas vesen ved å oppsøka fengsla valdtektsmenn, seier dokumentarfilmkonsulent Even Benestad.

LES OGSÅ: Historisk avtale for Bandwagon

Han legg til:

– Filmen set eit blendelys på eit tema som alt for ofte blir tia, men som litt for mange blir utsett for. Prosjektet har stort potensial sidan det er ei nær, ekte og usminka historie. Blir prosjektet vellukka vil det også ha breitt internasjonalt potensial.

Bergensselskapet ITV Studios Norway skal produsera «Voldtektslandet Norge», som har eit totalbudsjett på dryge to millionar kroner.

LES OGSÅ: – Kult å sjå korleis dei levde

Artikkeltags