– Eg har gått over 75 turar så langt i år, og var her i går og. Det er fantastisk fint her oppe. Eg går i all slags ver. Nokre dagar er det fint som i dag, andre gonger klarar ein ikkje å stå oppreist. Då må eg berre opp og røre varden før eg spring ned att, seier han.
- Les også: Startar ny havfestival på dugnad
Ronny trivst godt i fjellet, og meiner det er aukande trafikk i området. Når vi treff han har han allereie gått opp til Geitanuken og vidare innom Toppe, Hitland og Falkanger til toppen av Veten.
– Eg synst det er kjekt å sjå at folk går på tur. Når ein går her ofte treff ein mange rutinerte gjengangarar, samtidig som det kjem fleire og fleire her oppe. Veten er lett tilgjengeleg, og det er fint at ein kan gå frå fleire stader. Samstundes gir turen mange moglegheiter for tilpassing anten ein ønsker ein kort eller ein lang tur, fortel han.
På tur i ferien
Søstrene Ada og Sina Mykkel-tvedt gjekk tur til Veten saman den aller første dagen i skuleferien.
– Vi likar godt å gå på tur, helst i fjellet. Vi er ofte på Hordvikveten, det blir nesten kvar helg. I alle fall annankvar, fortel dei to.

Sparkar kvarandre ut på tur
Veten er eit populært turmål, og med sine 486 høgdemeter er den og det høgste fjellet i Åsane. Det finst gode stiar til toppen frå så godt som alle sider av fjellet. Vi valde å køyre opp mot Falkanger og Sætregården, kor det er ein fin parkeringsplass. Eit anna alternativ med god parkering er å køyre forbi IKEA til Melingen, kor ein kan starte turen ved å følge Den Trondhjemske Postvei. Dersom ein ønsker ein lengre tur kan ein utvide ved å gå til Høgstefjellet eller Tellevikfjellet.

Våte men like blide under første Trekantmarsjen