Tok hundevakta

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Kulturløa på Holmeknappen er ikkje som andre galleri. Her kan du leggja turen innom midt på natta om du ønskjer det. Og det er Leif Johnsen og ”Bamsi” som tek hundevakta.

DEL

I gamle dagar kalla sjømenn vakta frå klokka åtte om kvelden til fire på natta for hundevakta. Det var den tøffaste vakta ein kunne verta tildelt. Leif Johnsen, vertskap i Galleri Rustica på Holmeknappen, har tatt på seg hundevakta heilt frivilleg.

Uhøgtideleg opning

Torsdag opna utstillinga med arbeid frå lokale kunstnarar i den nyrestaurerte løa på Holmeknappen, og Anne, Leif og ”Bamsi” ynskte gjestane velkomne.

Med opningstider frå ti til ti på tirsdagar og to til to på torsdagar vert det lange dagar for vertskapet fram til utstillinga stengjer 22. desember, men i går stilte dei godt førebudde.

– ”Bamsi” har slappa av inne og lada opp. Sjølv er eg så oppglødd over at vi endeleg er i mål med utstillinga, at eg ikkje trur det skal verta noko problem å halda seg vaken, seier Leif.

Dei noko spesielle opningstidene vart valde mest fordi det såg tøft ut på papiret, innrømmer Leif.

– Eigentleg var det berre eit ordspel. Men så bestemte vi oss for å slå til. Det er jo lett å hugsa slike opningstider. Og har vi først sagt at vi skal ha opent til klokka to på natta, så må vi vera her til to, ler han.

Venting i fokus

Men opningstidene er ikkje meint som nokon jippo frå vertskapet si side. Sjølv om mange har hengt seg opp i opningstidene er tanken bak utstillinga ein heilt annan.

– Temaet for utstillinga er ventetid. Og det å venta kan vera så mangt fram mot jul. Nokon ventar på snøen, nokon ventar på lysare tider, og andre ventar i religiøs tyding. Vi vil at denne utstillinga skal vera noko alle kan få noko verdfullt ut av, seier han.

Nøgde med responsen

Paret har fått mange positive tilbakemeldingar i tida fram mot opningsdagen, og heller ikkje torsdags kveld mangla det på god respons.

– Anne talde ein stad mellom 40 og 50 besøkjande, og det er vi godt nøgde med, fortel Leif dagen etter opninga.

Heilt fram til midnatt kom det stadig nye besøkjande.

– Dei som kom sist hadde vore på arbeid til seint på kveld. Dei sette stor pris på å kunne gå på utstilling så seint på kvelden, seier han.

Med torsdagens suksess friskt i bakhovudet ser ikkje Leif vekk frå at det kan verta utstillingar med liknande opningstider ved eit seinare høve.

– Den neste utstillinga vil vera i palmehelga. Då skal Anne stilla ut eigne arbeid. Men vi har mange idear, og vi kan kanskje kan ha slike opningstider ved utstillingar til sommaren også. Det er ei fantastisk stemning her på seine kveldar, seier han.

Artikkeltags