- Trillingar. Og til og med tre gutar. Stakkars deg.
Den kommentaren har trillingmamma Anne Lise Njøten Holmaas høyrt mange gonger. Men sjølv synest ho det har gått greitt.
Anne Lise Njøten Holmaas reiste til Tyskland for å bli au pair, og vart verande. Her kom trillingane til verda i november for vel ti år sidan.
Etter at ho skilde lag med barnefaren vart ho og barna buande i Tyskland eitt års tid før dei flytta til Norge. Her dukka Dag Bjørnar opp i livet hennar, og for seks månader sidan kom vesle Ådne til verda.
Familien på seks bur no på Torsvik i ein nyrestaurert erverdig bustad frå 1650-talet.
Mamma fortel at trillingane har funne seg veldig godt til rette i Masfjorden. Dei har glidd fint inn i kameratflokken. Fotballinteressa er glødande hjå alle tre, både i friminuttane på skulen og på fotballaget.
Brann og Liverpool er trillingane sine favorittlag. Dei har også begynt på skytetrening, og dei er aktive i idrettsskulen.
Tøft som åleinemor
- Ho er grei, men av og til litt streng, nikkar Stian, Preben og Sven-Erik samstemte.
Anne Lise legg ikkje skjul på at det er krevande å ha trillingar i huset. Ho har sett barna sin livskvalitet i fokus. - Ikkje minst var det tøft å bli åleinemor då trillingane var seks år gamle. Det virka uoverkommeleg, seier 36-åringen.
- Det krevde meg heilt og fullt. Alt anna måtte setjast til side, som planane om å ta utdanning, seier mamma, som er litt stolt over at ungane har lært å oppføra seg som folk og kan gå på besøk utan å riva ned huset.
To-språklege
Stian er ein liten lesehest. Preben kunne site med playstation heile dagen om han hadde fått lov. Han er dessutan temmeleg oppfinnsam av seg. Sven-Erik er den av gutane som finn på flest spillopper. Mest for å få merksemd, seier mamma.
Ungane fekk tospråkleg opplæring frå dei var små. Difor vart ikkje overgangen til Norge så stor. - Litt finpussing av norsken var nødvendig, seier mamma. Til sommaren får dei besøk av bestevener frå tida i barnehagen.
Fysisk krevande
Dei første fem åra var mest fysisk krevande. Då hadde eg følelsen av at eg sprang i eitt kjør, fortel mamma. - Seinare handlar det mykje om å setja grenser, og læra dei til å hjelpa litt til.
- Du kan ikkje be eldstebroren passa mindre søsken. Og dei kan ikkje overta klede etter kvarandre. Fordelen er at du er ferdig med bleieskift nokonlunde samtidig. Og dei begynnar i barnehage og på skule på same tid, seier ho.
Anne Lise har inntrykk av at gutar er litt mindre kompliserte enn jenter.
- Desse karane klagar i alle fall enno ikkje når eg kjøper klede til dei. Dei er berre glade dei slepp vera med i butikken.
Spesielle utfordringar
Anne Lise har hatt kontakt med den nybakte trillingmora i Masfjorden både før og etter fødselen. Den gamle trillingvogna har samtidig skifta eigar.
Ho synest det hadde vore spennande om trilling-foreldra i Nordhordland kunne samlast med visse mellomrom.
- Trillingar byr på utfordringar som du ikkje kan få råd og hjelp til frå så mange andre. Difor er det veldig godt å utveksla erfaringar, seier ho. Sjølv hadde ho god støtte i å snakka med eit anna trillingforeldre-par i Tyskland.
Stort steg å ta
Både Anne Lise og Dag Bjørnar er 71-modellar. Det høyrer også med til historia at mødrene deira vaks opp på same staden. Men sjølv om ho har røtene sine i Gulen og faren er frå Austrheim, hadde Anne Lise aldri trudd at ei byjente som henne skulle slå seg ned i nabokommunen Masfjorden.
- Det føltest som eit stort steg å ta, men har gått veldig fint, seier ho. No bur Anne Lise og Dag Bjørnar og dei fire ungane i eit gamalt hus som dei har restaurert. Den eldste delen skriv seg faktisk heilt tilbake til 1650-talet. Familien flytta dei inn i september, etter å ha leigd eit nabohus medan dei pussa opp.
- Vi har prøvd å gje huset eit lunt, men moderne preg, samtidig som vi har tatt vare på litt av den gamle stilen med malt tretak, steingolv i gangen og eikegolv i stova. Vi trivst godt, seier Anne Lise Njøten Holmaas.