The United i Knarvik: – Eg byrja å grina!

Mange ungjenter fekk draumen sin oppfylt då dei fekk møta sine store idol.

Mange ungjenter fekk draumen sin oppfylt då dei fekk møta sine store idol.

Artikkelen er over 6 år gammel

Linn-Cathrine (14) og Mariell (13) fekk møta idola sine. - Dette er den beste dagen i mitt liv!

DEL

Sjølv om Knarvikmila eigentleg ikkje startar før i morgon, tjuvstarta arrangementet tradisjonen tru med Ungdomsløpet.

Hundrevis av ungdomsskuleelevar møtte opp for å springa rundt den nesten to kilometer lange Brekkeløypa.

Men det var ikkje berre 8.-,9.- og 10. klassingar som møtte opp utanfor Nordhordlandhallen. Til elevane si store overrasking dukka også boybandet "The United" opp for å skriva autografar og helsa på fansen.

- Eg er deira største fan! The United er det beste bandet i heile verda! Eg er verdas gladaste jente no, roper Mariell Lilleskare, som er heilt i ekstase over at ho fekk møte sine største idol.

"The United", som består at ungguttar frå mellom anna Sverige, Tyskland og Italia, er førebels ikkje veldig kjend i Norge, men nokon seier dei kjem til å verta det nye "One Direction". Og skal vi tru Mariell og veninna Linn-Cathrine Amble, finst det ingen som kan samanliknast med desse gutane.

- Eg byrja å grina då eg såg dei. Dette er den beste dagen i mitt liv! Eg er heilt frå meg av glede, og eg kjem ikkje til å få sova i natt, seier Linn-Cathrine, medan ho beundrar autografen ho fekk.

På spørmsål om dei syntest det var kjekt å springa ungdomsløpet, svarar dei kort og greit.

- Ja, det var gøy, det. Men ingenting kan måla seg med å møta The United!

Artikkeltags