Sogn og Fjordane teater si framsyning om Ivar Medaas går for fulle salar i trivselsfylket.

I Dale i Sunnfjord måtte dei avvisa folk i døra, for det var fullt. I vesle Brekke i Gulen med 250 innbyggarar kom det 209 på forestillinga, og over to dagar på Frekhaug har 660 strilar løyst billett til førestillinga.

– Dette betyr masse for meg

No er det altså bergensarane sin tur.

LES OGSÅ: Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar

I september og oktober skal stykket gå den nye scena Lille Ole Bull, med plass til 220 publikumarar.

– Dette betyr masse for meg. Då får me formidla kulturen som folk i Bergen og utanfor Bergen er glade i, slik at fleire får sett det, seier Claus Sellevoll.

Det er han som sit på rettigheitene til stoffet frå april av.

– Me har jo hatt Singel og sand produksjonen tidlegare, så me har ei viss erfaring med at folk synst det er kjekt å sjå strilekulturen på scena. Det er jo og andre strilar som står på scena i Bergen, peikar han på.

LES OGSÅ: - Magisk for Medaas!

Ausekarane er aktuelle med show i Bergen for tida. Og det er ein annan stril som får æra av å opna Lille Ole Bull, Vidar Hodnekvam frå Knarvik.

– Eg er stolt på vegne av stoffet me reiser med og kulturen me promoterer, seier Aage Vaksdal, som er ein av fire på scena saman med Sellevoll, Olav Stedje og Annlaug Børsheim.

Alle saman er med vidare til Bergen i haust.

Grensene er viska ut

– Me har det veldig kjekt i lag, seier Vaksdal.

Sellevoll seier at grensene mellom bymann og stril er på det næraste viska ut no.

– Det er vorte ein slags hybrid av oss alle. Dei

– Det er ikkje flaut å vera stril i byn lenger?

– Nei, ein kan ikkje gå rundt med bøygd nakke for ein er stril, seier han.

LES OGSÅ: Olav Stedje fekk Medaas-prisen

Men han opplevde sjølv på 80-talet at folk i Bergen kommenterte dialekten hans.

– Men det var nok verre på 50-60 talet. Om die ikkje opna kjeften, så visste ein at dei var strilar. Og om dei opna kjeften, visste ein i alle fall at dei var strilar. Så kva skulle du gjera, seier han.

– Noko me kan vera stolte av

Til å produsera showet i Bergen har dei fått med seg ein annan stril, Linda Børnes.

Ho har tidlegare vore med på produksjonar som Vestlandsrevyen og Bikubesong. Laurdag var ho og helste på skodespelarane og såg oppsettinga for fyrste gong. Ho varslar førebels få endringar til hausten.

– Det er denne forestillinga dei vil formidla, seier ho.

LES OGSÅ: Musikkvideo med unike bilder frå Eikangervåg

I kabareten Dar kjem dampen følgjer vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Det er inga biografisk framstilling av Medaas, men heller ei reise i miljøet han kom i frå.

– Det er viktig at me tek på alvor kulturarva vår. Det at me klarar å snu noko me har hatt eit forlegent forhold til, til noko me kan vera stolte av, er fantastisk, seier Børnes.

I fyrste omgang siktar dei seg inn på forestillingar i helgene.

– Så håpar me kanskje på å få utvida etterkvart, seier ho.

Meir om Ivar Medaas - dar kjem dampen, kan du lesa om i onsdagsavisa vår!