Gå til sidens hovedinnhold

Stranda Filmklubb er opna

Artikkelen er over 14 år gammel

Den første, offisielle filmklubben i Nordhordland nokon gong vart opna i grendahuset Strandatun torsdag kveld. No vert det filmframsyning i eigen kinosal kvar fjortande dag.

- Vi har vore ein liten venegjeng som har sett litt film i lag, og så fann vi ut at vi ville sjekka om det var interesse for ein filmklubb. Og det var det tydelegvis, så no er vi i gang, seier initiativtakar Audun Hølleland til nh.

Under den offisielle opninga i grendahuset Strandatun på Stranda torsdag kveld, hadde om lag 15 personar møtt fram. Filmskapar Øyvind Sandberg var invitert som heidersgjest, og det var også han som stod for filmframsyninga denne kvelden. Portrett-dokumentarane ”Laksefiskerne” og ”Å seile sin egen sjø” stod på programmet, begge filmar som tar for seg menneske som bur og jobbar ved kyst eller fjord.

Med i forbundet

Audun Hølleland har alltid likt film, og har også fått laga seg eigen minikino med seter frå gamle Colosseum kino i Oslo. No har altså filinteressa vorte til den første, offisielle filklubben i Nordhordland.

- Vi starta eigentleg opp 25. januar, og har så langt sett to filmar i lag. Men det er først i dag at vi har offisiell opning. Klubben vår er med i Norges Filmklubbforbund, saman med tilsvarande klubbar i heile landet, og våre medlemmar kan også sjå film i dei fleste andre klubbane i forbundet, fortel Hølleland.

Annankvar tirsdag

Initiativtakaren ser på prosjektet som eit lystbetona tiltak som ikkje kan feila.

- Det er jo alltid kjekt å sjå film, og nokon medlemmar vil vi alltid vera. I utgangspunktet er alle velkomne som medlemmar, og vi har sendt lappar rundt til alle i bygda, men akkurat kor mange medlemmar vi vert er det vanskeleg å seia noko om no, forklarar han.

Minikinoen filmklubben brukar ligg som eit separat bygg ved sidan av eit bustadhus i Skøttsundet ved Hosøy. Annankvar tirsdag klokka halv ni skal det visast film her, og klubben garanterar at her vert det noko for einkvar smak.

- Noko for alle

- Vi set visse krav til det som vert vist. Sjanger er ikkje så viktig, men vi vil ha litt kvalitet utover det reint underhaldande. Visst vi kan læra litt om film og filmhistorie, og samstundes få underhaldninga, så må jo det vera flott, seier Hølleland.

Klubben har også tenkt å ha minst eit tema og minst ein dokumentarfilm kvart semester, men innunder dette ligg nærast kva som helst.

- Det kan vera ein sjanger, ein regissør, eit land. Moglegheitene er mange, og vi vil visa alt frå gamle klassikarar til heilt nye filmar, fortel Hølleland.

Komande visningar:

10. april – ”Bryllupet”, av Pavel Lounguine

24. april – ”Dårekisten”, av Andrei Konchalovsky

8. mai – ”Ondt blod i Vesten”, av Sergio Leone