Song for biskopen

SKIKKELEG TRØKK: Sing Singeling gledde biskopen med flott song i Knarvik senter.

SKIKKELEG TRØKK: Sing Singeling gledde biskopen med flott song i Knarvik senter.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Sing Singeling i senteret.

DEL

Over 80 barn song for biskopen i Knarvik senter onsdag kveld, som eit ledd i bispevisitasen.

Halvor Nordhaug var mektig imponert over den raudkledde gjengen i Sing Singeling og dei litt eldre barna i 5.-7.klasse i Sing Out.

Flott gjeng

Det var ein raud og flott gjeng som song med glede, bevegelse og begeistring på senterscena, med Therese Hystad Aakre som dirigent.

- Klart det var spennande å synga for biskopen, fortel Laura Malene, Anniken og Viljerd i Sing Singeling.

- Flott å høyra på, seier Nordhaug, som før minikonserten hadde snakka med ein som heiter Halvar. Nesten same namn som meg, sa biskop Halvor.

Kor gamal er du, biskop?

Han fortalde muntert at ein av ungane ville vita kor gamal han er.

Han tippa 84 år. Gjett ein gong til, sa biskopen, og fekk endå nokre år tillagt alderen sin.

- Ikkje heilt presist, humra biskopen.

Ny kyrkje

Nordhaug ser fram til at kyrkja i Knarvik står ferdig.

- Første søndag i advent i 2012 kjem eg tilbake for å ha gudsteneste i nyekyrkja, forkynte biskopen forventningsfullt.

Visitasgudsteneste

Biskopen avsluttar den fleire dagar besøket i Lindås med visitasgudsteneste i Lindås kyrkje søndag.

Interessert i fleire lokale nyheiter? Sjå kva abonnement som passar best for deg her

Artikkeltags