Slankekrigen ved Studio Nor har starta, og 15 deltakarar fordelt på tre lag vert motivert til å leva på knallhard pulverdiett, aktiv trening, og tenka positivt. I tillegg vert vinnarlaget premiert med flott middag på restaurant i byen. Men viktigst av alt er dei vekentlege møta der dei både vert pusja av kursleiar Tine Olson og ikkje minst støttar kvarandre.

No eller aldri

– Det er no eller aldri, seier Eirin Åserud-Løvlid. Ho fortel at ho gjekk på Xtravaganza ved Studio Nor før ho gifta seg, og tok av mange kilo utan å heilt nå målet sitt. Det skal ho no. Og ho skal inn i oldemora sin bunad.

- Kurar der ein tar av ein halv kilo for veka er demotiverande når du skal ned 20 kilo, seier Eirin. Ho er heilt klar på at den tøffaste jobben startar når dei skal begynna å spisa vanleg mat igjen.

Livsstilssjukdomane sneik seg på

Vigdis Larsen har prøvd utallege kurar, og føler at dette er siste sjansen.

- Eg skal ned dei ønskte kiloa før eg fyller 60 til sommaren, elles gir eg opp. Det blir ikkje ein einaste sydentur til med så mange overflødige kilo, seier ho.

Vigdis fortel at ho hadde 30 kilo overvekt og sleit med livsstilssjukdomar. Ho har gått ein lang periode på lavkarbo, og fekk fin helsegevinst men ikkje vektgevinst. Difor slo ho til då dotra tipsa ho om Slankekrigen.

- Eg meldte meg på 23. mars, og har gått ned 10 kilo så langt, seier Vigdis strålande fornøgd. Kanskje vert det bunad på ho når ho er i mål.

Raske resultat motiverer

Også Maryann Mostraum har slite med vekt i mange år.

- Eg har fått tre barn veldig tett, i tillegg til at eg slit med astma og får ikkje full effekt av treninga, seier ho. Maryann har tru på at dei vil lukkast nettopp fordi at dei er i ei gruppe og at dei har mykje fokus på det mentale. Ho har håp om å ta på seg bikini igjen i sommar.

– Og så blir ein veldig motivert at dei raske resultata, eg merkar det godt på humøret, seier ho og får samtykkande nikk.

- Dei to første vekene er verst. Alt no merkar eg at det er mykje lettare å gå opp bakkane, seier Eirin og fortel om påskeferie med lammelår og snop på alle andre - medan ho heldt seg strengt til shaker og supper.

I mål 1. juli

Tre posar med pulver vert fordelt utover dagen, i tillegg til omega3 og tran, kaffi, te og masse vatn. Kampen går ut på at deltakarane får poeng for vekttap, trening, oppmøte og fysiske testar. Kurset er ferdig 1. juli, og kvar av deltakarane har levert skiftleg til Tine kva mål dei har sett seg for den datoen.

- Førebels kjenner vi ikkje så mykje til slankekrigen, men presset aukar vel etterkvart. Difor er det viktig at alle på gruppa gjer sitt beste, seier dei tre kvinnene som sporty stiller opp slik at nh sine lesarar kan få følgja med deira kamp mot målet.