– Eg vil oppmoda vedkomande som har fela, om å levera den tilbake. Det er ikkje lett å få omsett den utan vidare, så det kjem nok fram før eller sidan, seier Vabø.

Vabø sjølv har ei spesiell historie. Han tok opp arva etter far sin, som omkom under Masfjordforliset i 1944.

– Eg følte det som ei plikt å halda fram, og byrja i lære i Bergen, fortel Vabø, som er frå Sandviken.

– Omtrent som tørrfisk

Etter nokre år kom Ivar Medaas med ei fela og ville læra av Vabø. Det var ikkje Vabø vanskeleg på.

– Men eg sa til han at «du må ha deg ei ny fela. For den du har er omtrent som ein tørrfisk», seier han.

LES OGSÅ: Kiwi-Ronny lovar dusør til den som finn fela til Ivar'n

Ikkje mange dagane etter hadde Medaas bestilt seg ei fela frå Arne Bjørndal. Han fekk seg ei fela frå 1800-talet.

– Den var gjerne ikkje så fin, men det var ein fin tone i den, seier Vabø.

For å finansiera fela, tok Medaas av skulepengane han fekk då han gjekk på Stend jordbruksskule.

– Det var ei god investering, seier Vabø.

Vabø og Medaas var gode kompisar og hang i lag på fjellet, på hytter og felespeling i ungdomslag rundt om.

– Eg hugsar me spelte på Radøy og var ferdige i tre–fire–tida om natta. Då var det over til Alversund til Jenny, mor til Ivar og åt kjøtkaker. Så la me oss og sov middag. I same køy, seier Vabø.

– Kva tenker du om at fela no er borte?

– Det er ein skandale eigentleg. Men fela er jo ein plass. Det spørst berre kvar og kven som har den, seier han.

Det var i førre veke det vart kjent at «Petra», yndlingsfela til Ivar Medaas var borte. Alt Kari Medaas veit, er at det var ein mann som leverte inn ein katt på kattepensjonatet hennar som har den, for at fela skulle verta brukt. Men kven det var som lånte den, hugsar ho ikkje.

LES OGSÅ: Har du sett fela til Ivar Medaas?

Ho noterte namn og nummer på karen.

– Men så har eg 80–90 lappar, veit du. Så då er den kanskje vekke, innrømmer ho.

Dusør

No har Kiwi Ikenberget gått ut og lova ein dusør på 10.000 kroner, til den som veit kvar fela er.

– Me las om det på nettet, og fann ut at me kunne hjelpa til. Særleg då me fann ut at den var verdt så mykje, seier Ronny Guldbrandsøy, ein av fire stykk som driv butikken.

– No håpar eg at han som lånte fela, eller naboen som har gløymt han har høyrd fela, kan sørga for at den kjem tilbake, seier Guldbrandsøy.

Om ein vil levera fela tilbake anonymt går det greitt og. Pengane går då til Unicef.

LES OGSÅ: Tek Medaasen til bydn

Kari Medaas er stolt over dusøren.

– Dette hadde eg aldri drøymt om. Dette trur eg gjer det heile litt meir spanande, seier ho.

Finn Vabø håpar ikkje nokon har stole den.

– Fela har historisk verdi, og kjem frå god felemakarslekt. Og den vert ikkje billigare når ein mann som Ivar Medaas har hatt ho, sluttar han.

LES OGSÅ: – Det var mer enn skjeglingen med Ivar Medaas