- Klart det er veldig stas å synga i lag med Steinar Engelbrektson. Han er så jordnær og grei at omtrent all nervøsitet blir borte, fortel countryartisten frå Radøy, Sissel Lunde Sundy.
Ville synga med Sissel
Dei frammøtte i kyrkje fekk høyra dei synga ”Mens eg kan” og ”Ikkje gje opp håpet – den siste har Steinar Engelbrektson sunge inn på CD saman med Anne Nørdsti.
-Steinar Engelbrektson hadde sjølv bede om å få synga med Sissel på kyrkjekonserten i Masfjorden, etter å ha høyrt henne på ein countryfestival i fjor, fortel countrygeneral Steinar Kjenes.
Super innsats
-Det er flott å koma til Nordhordland, seier Engelbrektson, som framhevar den innsatsen som Kjenes gjer for countrymiljøet her.
Steinar og Sissel avslutta kyrkjekonserten med ”God on the Mountain”, denne gongen forsterka med Jarle Lerøy, som syng og spelar saman med Sissel Lunde Sundby i bandet AURA.
Stadig på farten
Sissel elskar countrylivet, og har vore på farten med Aura i 12 år. Dei manglar ikkje oppdrag, og må innimellom også takka nei.
Les meir om kyrkjekonserten og countryfesten i Masfjorden i onsdags-avisa.
Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg