Onsdag vart Brad Beat & Angus Jolie lista på NRKmp3, og fredag føremiddag vart debutsingelen "Make It Last" sleppt på den digitale marknaden. Tre timar etter releasen var "Make It Last" den mest kjøpte låten på dei norske electronica-listene på iTunes.

Bak prosjektet finn vi Rune Alver Nilsen og Erlend Sellevold, begge frå Alversund. Førstnemnde er eit nokså ubeskrive blad for folk flest, men talentet hans er udiskutabelt, og han har jobba med musikk i ei årrekkje. Sistnemnde har vore ein etablert artist lenge, og har også vorte allemannseige gjennom Ralph Myerz and the Jack Herren Band. No for tida konsentrerer Sellevold seg derimot mest om andre prosjekt.

Signert av EMI

Norge er eit lite land, og å gå til topps på electronica-listene her heime etter berre nokre timar betyr ikkje nødvendigvis all verda. Men om nokon skulle vera i tvil om kvaliteten og seriøsiteten det her er snakk om, kan dei snu tvil til tru med det same.

Brad Beat & Angus Jolie er nemleg allereie signert av det massive, internasjonale plateselskapet EMI, som nyleg vart kjøpt opp av Parlophone, og sjølv på den aller første singelen sin har dei med seg celebre gjestar. Den svært begava, Emmy-nominerte låtskrivaren Kaleb Rollins, betre kjend under artistnamnet KQuick, er vokalist på "Make It Last", og ifølgje manager Frode Alver Nilsen er det mykje meir i vente.

– Akkurat no er fokuset på sommarlåten "Make It Last", men det ligg mange låtar klare, som vert sleppt etter kvart. EMI er eit av verdas største selskap, og musikken vert distribuert til heile verda. Den norske marknaden er liten, men verdsmarknaden er enorm. Vi har allereie nokon skikkeleg hotte gjesteartistar på gang til dei neste låtane, seier manageren til Nh.

Musikkvideo neste helg

Broren Rune, som altså utgjer eine halvdelen av Brad Beat & Angus Jolie, gler seg over at debutlåten allereie har gått rett heim hjå folk her heime. Han har hatt ein lengre periode i USA der han har jobba med musikken. I tillegg har han bygt sitt eige studio heime i Knarvik. At han byrja å jobba saman med Erlend Sellevold er ikkje tilfeldig.

– Vi er barndomskameratar. No bur både Erlend og Frode i Oslo, og snakkast ofte. Vi bestemte oss for å gjera noko saman, og no er vi i gang, seier yngstemann av Alver Nilsen-brørne til Nh.

Den ferske singelen har også ein tilhøyrande musikkvideo, spelt inn på Barbados. Denne skal etter planen sleppast neste helg. Det vert neppe det siste vi høyrer frå Brad Beat & Angus Jolie.

Du kan lesa meir om electronica-duoen på www.beatjolie.com, eller på Facebook-sida deira, www.facebook.com/beatjolie.

”Make It Last” finst på både iTunes, Spotify og WiMP.