Samuel Lervåg

Artikkelen er over 13 år gammel

Han var ein samfunnshovding av godt, gamalt merke. Samuel Lervåg var ordførar i ein mannsalder i Austrheim, og var ein stor pådrivar for samferdsle- og industriutbygging i regionen.

DEL

Han var ein samfunnsbyggar i vidaste forstand, skriv Knut Risnes i minneordet om Samuel Lervåg. Nettopp Risnes overtok ordførar-stolen då gamleordføraren sette punktum for ei lang politisk karriere i 1975.

Sette spor

Med sine rike evner, sin store arbeidsinnsats og sitt ukuelege pågangsmot gjekk Samuel Lervåg i brodden for å få løyst viktige oppgåver i heimkommunen, i distriktet og i fylket. Det grodde i fotspora hans. Vegar, bruer, kraftliner og industriverksemder står som varige minnesmerke etter samfunnsbyggaren frå Austrheim.

Lervåg var ordførar i nesten 26 år og han møtte på fylkestinget like lenge. Han var også fylkesordførar i fire år. Han har fått Kongens fortenestemedalje i gull, og Norske Kommuners Sentralforbund sitt heidersteikn for sitt omfattande samfunnsnyttige arbeid.

Typisk leiar

Samuel Lervåg, eller Sam som han gjerne vart kalla, var ein typisk leiartype, og han hadde ei hand på rattet i det meste av det som skjedde i kommunen i etterkrigstida.

Lenge såg det mørkt ut både for Austrheim og resten av regionen, og Samuel Lervåg var relativt pessimistisk då han som ordførar oppsummerte situasjonen mot slutten av valperioden i 1963. Tilbakegong og fråflytting, og utsiktene såg ikkje så lyse ut framover. Ein stor del av regionen var hamna i ei bakevje, konstaterte han.

Sam Lervåg var ein av dei som brette ermene opp og tok sin tørn for å snu utviklinga.

Bassenget kom

Han likte å få ting gjort, og det helst fortast mogeleg. Samuel Lervåg var ein mann som følgde opp ord med handling.

– Er det noko meir du ønskjer deg, Knut (Risnes), spurde Sam den nye rektoren på skulen då Kaland skulle byggast ut med ungdomsskule. – Ja, det kunne vera kjekt med basseng, svara Knut.

– Kva seier de karar, sa ordføraren og skoda utover den folkevalde forsamlinga.

– Då byggjer me basseng, konkluderte han. Og slik vart det.

Og då rektorbustaden skulle reisast, måtte Knut’n pent finna seg eit hus i katologen som var utstyrt med peis. Noko anna var det ikkje snakk om, meinte Sam.

Han var ein fargerik person, ein bygdehovding som fekk mykje til.

Stort kontaktnett

I fylkespolitisk arbeid var det særleg samferdselssektoren som opptok han. Han fekk ein sentral plass i arbeidet med vegbygginga i Hordaland då han i 1965 vart valt som leiar i veg- og kommunikasjonsnemnda. Nemnda skulle laga eit prioritert utbyggingsprogram for den neste tiårsperioden.

Sam Lervåg var ein framsynt mann i arbeidet med å knytta Austrheim til fastlandet. Noko måtte gjerast for å snu fråflyttinga. Alt i 1958, då kommunestyret uttalte seg om dei nye kommunegrensene, lanserte ordføraren eit krav om at Fosenøya måtte verta knytt til fastlandet med bru og veg over Ulvøy og Bakkøy. Han fekk tilslutning i kommunestyret, og han vart ein sentral person for å få gjennomført prosjektet. Gjennom sitt lange virke som ordførar og på fylkestinget opparbeidde han seg eit stort kontaktnett som han gjerne utnytta til fordel for Austrheim,

Sam Lervåg var også ein pådrivar for å få elektrisk kraft ut til bygdene. Som leiar i Nordhordland kraftlag (1951-1981) stod han i bresjen for gjennomføringa av nettutbygginga på 1950-talet. I –59 stod straumnettet i heile Nordhordland kraftlag sitt distrikt ferdig utbygt.

Tolmodig far

På det private plan var han ein utruleg tolmodig far. Sjølv om han var mykje borte på reis, hadde han alltid tid til meg og søster mi, fortel ei av døtrene, Marit Totland.

– Han var svært opptatt av å skaffa arbeidsplassar, vegar og straum til kommunen. Det var det som dreiv han, fortel dottera.

Han nytta mange kanalar for å få det som han ville. Det vart mange turar til Oslo for å snakka med rikspolitikarar og embetsverk. Dei fleste veit knapt kor mange turar det vart. Det låg mykje skjult arbeid bak jobben han gjorde, seier Marit.

Fag og politikk

Samuel Lervåg var tilsett på jordstyrekontoret i Austrheim i 40 år, og etter mange år i jobben fekk han reine ungdomen som sjef.

– Han sleppte meg til og takla den nye situasjonen på ein imponerande måte.Trass den store aldersskilnaden hadde vi eit svært godt samarbeid, minnest Hans Jakob Låstad Lygre.

Sam Lervåg vakta seg vel for å blanda politikk og fag. – Som ordførar hadde han respekt for våre faglege vurderingar, og gav ikkje føringar for korleis vi skulle gjera våre utgreiingar og konklusjonar, fortel Låstad Lygre. Han la også veldig stor vekt på å informera medarbeidarane om aktuelle saker i kommunen, men gav klar melding om kva som måtte haldast innanfor dei fire veggane og kva ein kunne snakka ope om.

Låstad Lygre framhevar også det gode samarbeidsklimaet mellom tilsette i kommune.

– Kommuneadministrasjonen var i god vekst i Sam Lervåg si tid, og han tok godt i mot nykomarane i staben. Folk fekk interessante arbeidsoppgåver.Vi fekk ei kjensle av å vera på same lag, seier han.

Artikkeltags