Samla fridykkarar frå heile verda

ÅRLEG TREFF FOR FRIDYKKARAR: Dykkarar frå Nordhordland, Danmark, Austerrike og Russland var i helga i Nordhordland. ? Det årlege Fosntreffet er eit høgdepungt for mange, seier Børje Møster.

ÅRLEG TREFF FOR FRIDYKKARAR: Dykkarar frå Nordhordland, Danmark, Austerrike og Russland var i helga i Nordhordland. ? Det årlege Fosntreffet er eit høgdepungt for mange, seier Børje Møster. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Fosntreffet er årets høgdepunkt for mange av oss

DEL

Dårleg vêr greier ikkje leggja nokon dempar på det årlege Fosntreffet.

– Det er kjekt å dykka saman med andre fridykkarar, seier Børje Møster.

For 10. år på rad samla dykkar-entusiastar frå heile verda seg under Fosnstraumbrua for å dykka, fanga fisk og dela erfaringar.

LES OGSÅ: Spansk TV-team filma Gulen under overflata

– Her bur vi i telt og lavvo ei heil helg. I og med at vi alle er frittståande dykkarar, og ikkje tilhører nokon klubb, er det utruleg kjekt å møta så mange andre med same interesse som seg sjølv, seier Børje Møster, som har vore med på Fosntreffet kvart år.

Steinbit på 9,1 kg

No på våren er den beste tida for å finna steinbit, stor lyr og torsk. Dette fekk Kristoffer Raun frå Danmark og Rene Setereng frå Stavanger oppleva.

–Denne steinbiten tok eg med harpun, fortel Raun, og viser fram sin fangst på 6, 7 kg.

LES OGSÅ: - Fiskestang er gammaldags

Det var derimot Setereng som fekk prisen for helgas største steinbit, på heile 9,1 kg.

– No vert det heldigvis middag i dag også, gliser han.

Må ha sertifikat

Einaste krav for å vera med på treffet, er at alle som er tilstades har fridykkarsertifikatet.

– Det er rett og slett for sikkerheita si skuld. Vi vil ikkje risikera ulukker, seier Møster.

LES OGSÅ: 10.000 så «90 minutter»

På årets fridykkartreff var det 35 påmeldte, dei fleste frå Vestlandet, men også frå andre stader i verda.

– Her er det folk frå mellom anna Danmark, Austerrike og Russland, noko eg synest er veldig kjekt, seier han.

God stemning

– Røvarhistorier rundt bålet, sjøfersk mat og felles interesse for ein spennande hobby, legg grunnlag for ei utruleg flott helg, seier Møster, som takkar Frivannsliv for at dei stiller opp med telt for dei som har reist langt, samt hjelparar som er tilstades heile helga.

– Dette treffet kjem vi til å fortsetja med også i åra framover. Det er ingen tvil om at dette er årets høgdepunkt for mange, seier han.

LES OGSÅ: En dusj adrenalin!

Artikkeltags