Konserten på Nordhordland folkehøgskule fredag kveld – i regi av Musikkens Venner og Knarvikmila, vart eit fyrverkeri med Melodi Grand Prix-vinnaren i sentrum. Han flørta med publikum og fekk kjempekontakt med folk i salen.

Wenche med på notane

Alexander Rybak tok til og med turen ned i stolradene og henta ein publikummar fram på scena under ein av låtane. Wenche Alver var med på notane og fekk famnen full av kosebamsar og klemmar frå både Rybak og Thomas Stanghelle.

- Dei er jo så jordnære og greie. Ingen primadonnanykker der, nei, fastslo Wenche etter eit festleg møte med dei to karane på scena.

Skreiv autografar

- Her skulle jo barnebarna ha vore med. Dei skal få bamsane. Kanskje eg kan få dei signert, sa Wenche. Og både Alexander og resten av familien Rybak og familien Stanghelle skreiv autografar til den store gullmedaljen etter konserten.

- Kjempeflott at så mange er her, sa Rybak innleiingsvis, og opna med vinnarlåten han gjekk til topps med i Melodi Grand Prix.

- Så var vi ferdig med den, konstaterte den humoristiske og allsidige artisten.

Stor spennvidde

Familien Rybak og familien Stanghelle har i 15 år halde konsertar ilag om sommaren på Sørlandet. Dei to familiane leverte eit svært allsidig show, med ei musikalsk spennvidde du knapt har opplevd maken til. Her var det meste; frå pop til russisk folkemusikk, musikalstoff, klassisk, blues og gospel. Og ein skikkeleg bedehussong som ekstranummer.

Bestemor på 93

93 år gamle Matilde, bestemor i familien Stanghelle, er eit kapitel for seg. Ho har framleis ei utruleg bra stemmeprakt, og var ei oppleving på scena. Ho var solist, og hadde også innslag saman med dottera og barnebarnet (Thomas).

Også Rybak sine foreldre er svært så habile musikarar, ho på piano, han på fiolin og gitar. Og alle backa kvarandre opp med song og spel undervegs i konserten. Ståande applaus fortalde sitt tydelege språk om at konserten fall i smak.

I minimila

Lørdag formiddag skal Alexander Rybak ha ein minikonsert ved Nordhordlandshallen. Han skal også dela ut premiar etter minimila.