– Veldig kjekt å vera tilbake. No er det ein del år sidan eg var her sist, fortel Ingeborg. Mor hennar, Dorthea Skagenes gav skjul for over hundre flyktningar medan dei venta på å koma seg over til England.

– Ho deltok i flyktningtrafikken med fare for sitt og familien sitt liv, sa Harald Jordal i Radøy sogelag i eit svært interessant føredrag om flyktningtrafikken og Englandsfarten knytt til Skageneset og området rundt. Også borna i Skageneset deltok aktivt i dette farefulle arbeidet. Jordal framheva også innsatsen til Hans Helle og «trisa i Hellaneset».

LES OGSÅ: undefined

Rundt 65 gjekk til Skageneset til fots frå Manger, andre kom med veteranbuss og båt. Dei som tok beina fatt gjekk skulevegen som søskena i Skageneset brukte. Det var eit drygt stykke, og når vêret var stygt og snøen hadde lagt seg kom mor Dorthea ofte ungane i møte.

Glad for skogrydding

Ingeborg har tapt det meste av synet, men hadde ei fin oppleving av å vera tilbake til barndomsheimen. No gler ho seg over at Bergen og omland friluftsråd skal setta huset og uteområdet i stand.

– Det er veldig fint at mykje skog skal ryddast, slik at Skageneset kan sjå meir som det gjorde før, seier Ingeborg. Ho håpar at huset vert restaurert i den stil det har hatt.

Oppgradering til to mill.

-Ettersom det i år er Friluftslivets år og 70 år sidan andre verdskrig tok slutt, var det heilt naturleg å legga opninga av kystsogevekene til Skageneset, med den historia som knyter seg til denne staden, sa ordførar Jon Askeland, som stod for den offisielle opninga av kystsogevekene.

LES OGSÅ: undefined

Han sa at arbeidet som no skal gjerast i Skageneset, er BOF si største satsing framover, kostnadsrekna til rundt to millionar kroner. Oppgraderinga vil også betra forholda for båt- og turfolket.

– Lys framtid

I samband med Friluftslivet år har Radøy kommune sett av midlar til utbetring og etablering av turstiar. Skagenesets Venner har konkrete planar og er klar til å gå i gang.

– Framtida til Skageneset er lys. Staden har ei viktig historie å fortelja, sa Radøy-ordføraren.

Etter opninga stod kunne folk kosa seg med herlege sveler og fiskekaker, steikt på bålpanne.

– Hundrevis av kaker og sveler får bein å gå på, smiler Eli Madell i Keipane kystlag. På land kunne dei yngste vera med på spennande skattejakt, og på sjøen sytte kystlaget for aktivitetar i ulike farkostar.