Radøy-utstilling har vekt internasjonal merksemd

DEN GONG?DÅ: Utstillinga i ungdomshuset Solvang viser ein typisk heim frå 1950- og 1960-talet.

DEN GONG?DÅ: Utstillinga i ungdomshuset Solvang viser ein typisk heim frå 1950- og 1960-talet. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

«Gryta hennar mor» set Manger på europakartet.

DEL

Tre søndagar framover kan du la deg fornøya over korleis det såg ut i ein typisk norsk, landsens heim på 1950- og 1960-talet.

I samband med Kystsogevekene inviterer Radøy Mållag, Radøy Sogeland og Manger Ungdomslag til utstillinga “Gryta hennar mor” i ungdomshuset Solvang på Manger. Her finn ein eit typisk kjøkken og ei stove med spisestove femti-seksti år tilbake i tid, fullt utstyrt. Dei som har levd ei stund, vil kjenna igjen respatex-bordet og tilhøyrande stolar på kjøkkenet. I stova er det teak og mjuke kaminstolar som vekkjer minne.

LES OGSÅ: 64+2 krossar i Eivindvik

– Det er utruleg kva som har blitt henta fram når folk har rota heime i tølene sine, seier Elin Morken til nh. Også facebook har vore til hjelp i jakta på kjørl, lampar, møblar og anna utstyr.

Internasjonal interesse

Morken fortel at den spesielle utstillinga og har vakt internasjonal interesse.

LES OGSÅ: Opnar Lindåsslusene

– Utstillinga vår er eit av 20 arrangement som er plukka ut til European Heritage Days 2013. Vi synest det er kjempestas å koma med her, og dette har verkeleg sett Manger på Europa-kartet, seier Morken.

Tema for årets kulturminnedagar (European Heritage Days) som vert markert i 50 land, er “Historiens kvinner og menn”. Føremålet med dagen er å bidra til å skapa forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø.

Lokal matkultur

I samband med utstillinga, vil det og bli halden ein temakveld med fokus på matkultur.

LES OGSÅ: Leitar etter amerikaslekta si

- Fredag 13. september vil Erik Halvorsen kåsera om matkultur, og det vil bli servert middag og dessert frå 1950-talet, seier Morken og minner om at det krevst påmelding til dette arrangementet.

Opnings-kåseri

Under opninga av sjølve utstillinga i morgon ettermiddag, vil Berit Kvalvik og Karina Tveiten kåsera, to kvinner som begge hugsar denne tidsepoken godt. Utstillinga vil og vera opne søndag 8. og søndag 15. september.

LES OGSÅ: Nådde ikkje opp i finalen

Artikkeltags