Nesten hundre ungdomar brukte storparten av påska framfor skjermen hjå Errors dataparty i Meland Aktiv.

- Vi har folk som kom onsdag ettermiddag og var til lørdag ettermiddag, fortel styreleiar Tommy Sylta.

Spel er hovudaktivitet, men det er også lagt opp til ulike sosiale happeningar. Deltakarane kjem i hovudsak frå Nordhordland, men mange har reist lenger.

- Vi har eigne soveområder, og oppmodar folk om å koma seg i seng innimellom, forsikrar Tommy.