Olav Nygard

Artikkelen er over 13 år gammel

Olav Nygard (1884-1924) etterlet seg berre fire små diktsamlingar, men han er like fullt rekna mellom dei aller fremst innan norsk lyrikk. Nygard levde eit kort og strevsamt liv.

DEL

Diktaren frå Stølsheimen blir plassert i dei store europeiske litterære tradisjonane, samtidig som hans verk er ein del av ei karrig norsk samtid. Han vart nok ikkje like godt forstått av si eiga samtid, og stod lenge i skuggen av lyrikarar som Olaf Bull, Olav Aukrust, Arnulf Øverland og Herman Wildenvey.

Seinare har han vorte kraftig oppvurdert og fått ei heilt anna merksemd. Claes Gill uttalte i 1953 at Olav Nygard ville hatt ry som ein av verdslitteraturen sine store diktarar om han hadde skrive på eitt av verdsspråka.

Dei opplagstala som utgåvene av Nygard verk etter kvart har fått, viser til fulle at han i dag har eit betydeleg publikum.

Brann sine verk

Olav Nygard var ein inspirator for andre diktarar. Litteraturkritikarar framhevar mellom anna hans spesielle evne til å skapa bilde - metaforar - som både var enkle og intellektuelt stimulerande.

Nygård stilte enormt store krav til seg sjølv. Det resulterte i at han ein jonsokkveld (truleg i 1911) samla og sette fyr på det han hadde skrive til då. Også seinare forlangte han at store delar av hans upubliserte produksjon skulle øydeleggast og ikkje bringast vidare til ettertida.

Garborg imponert

Mange reknar den siste diktsamlinga, ”Ved vebande”, som den beste. Det kanskje mest kjende av dikta hans, ”No reiser kvelden seg”, finn vi nettopp her. I diktsamlinga skriv han også det sterke og vakre diktet ”Til son min”, og her byggjer Nygard igjen bru mellom jorda og kosmos, eit tema han var sterkt opptatt av.

”Det finaste me hev av lyrikk på norsk”, skreiv Arne Garborg i eit brev til Nygard julaftan 1923, etter at han nett hadde lese ”Ved vebande”. Sju veker seinare la Nygard ned pennen for godt.

Ein nynorsk Wergeland

Olav Nygard er vestlandsdiktar. Men i professor Asbjørn Aarnes sin biografi om forfattaren frå Modalen blir han omtalt som ein av dei store unge døde i europeisk poesi - ein nynorsk Wergeland mellom det 19. og det 20. århundre. Henrik Wergeland var då også den norske diktaren Nygard følte seg mest i slekt med.

Aarnes trekkjer linjene til dei store fornyarane av europeisk poesi, som Hölderlin, Baudelaire, Mallarmé, Valéry – og sidestiller snikkaren frå Modalen som jevnbyrdig med desse.

Hadde diktarkallet

Olav Nygard kjende at han var kalla til diktargjerninga. Han begynte tidleg å skriva viser og vers, og som 16-åring (1900) fekk han sitt første dikt, Lilja”, trykt i Norsk Barneblad.

I 1912 kom diktsamlinga ”Flodmaal”, to år seinare ”Runemaal”, og i 1915 ”Kvæde”. Han omsette dikt av Shakespeare og Keats, og i 1923 kom det ut ei diktsamling av Robert Burns som Nygard hadde omsett til norsk.

Tungsinn og død

1920-åra høyrer til den rikaste perioden i norsk lyrisk dikting, men Nygard hadde vondt for å vinna fram på si eiga tid, konstaterer litteraturkritikaren Jan H.Landro.

– At mange dikt var prega av tungsinn og død, samstundes som ordtilfanget verka framandt og bildebruken uvand, gjorde nok sitt. At diktaren meir heldt seg i det kosmiske enn i det lokalt attkjennande, verka heller ikkje dragande på eit meir realistisk innstilt publikum, skriv Landro i ein kronikk om forfattaren frå Stølsheimen.

Eit grunnleggande element i Nygard sin diktariske stordom er hans språklege kreativitet, framhevar ulike litteraturkritikarar. Professor Asbjørn Aarnes plasserer den norske og nynorske diktaren i dei store europeiske litterære tradisjonane, men som også set det litterære verket inn i ei karrig norsk samtid som ramme for sakn og lukke, for strev og genialitet.

Kvinner i hans liv

Alt som 10-åring mista Olav mor si. Den trulova, Petra, ei jente han hadde vorte kjend med under to periodar som student ved Møre folkehøgskule, døydde tidleg av tuberkolose. I 1912 gifta han seg med Rakel Tvedt, og saman fekk dei ein gut, Sigurd.

Brevvekslinga mellom Olav og Rakel før bryllaupet har kome i bokform, og høyrer til dei vakraste kjærleiksbreva i norsk litteratur.

Dei mange breva han skreiv til Hulda Garborg, som også er publiserte, gir innblikk i arbeidsvilkåra til den fattige diktaren. Nygard måtte livnæra seg mellom anna som spelemann (fele), bærplukkar, snikkar og hønsehaldar.

I eit par år (1909-10) budde Nygard periodevis hjå Hulda og Arne Garborg på Labråten. Saman med Hulda og Det norske spellaget turnerte han landet rundt eit heilt år.

Nygard levde eit kort og strevsamt liv, med økonomiske problem, sjukdom og altfor tidleg død. Tuberkolosen som hadde ramma han tidlegare kom tilbake med full styrke.

I 1932 vart det reist minnestøtte av diktaren på Mo.

Artikkeltags