Ny forsking viser at hagearbeid og søndagsturar er nok til å auka levealderen

Ny forsking viser at hagearbeid og søndagsturar er nok til å auka levealderen

Ny forsking viser at hagearbeid og søndagsturar er nok til å auka levealderen

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Lyst å bli 85 år? Lett fysisk aktivitet aukar sjansen med 60 prosent, slår norske forskarar fast.

DEL

- Lett aktivitet i ein halvtime seks dagar i veka gir 40 prosent lågare dødeligheit, slår forskarane Ingar Holme og Sigmund Anderssen fast i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Totalt 5738 norske menn fødd i perioden 1923-1932 er inkludert i undersøkinga som har pågått siden 1970-tallet. Mennene er følgd fram til 2012.

LES OGSÅ: Line og Svanhild er hekta på trening

Forskarane frå Norges idrettshøgskule har undersøkt korleis fysisk aktivitet har påverka mennene sin levealder.

Dette skal til

Dei to har mellom anna komme til følgjande oppsiktsvekkande konklusjon:

– Effekten av å byrja med regelmessig aktivitet, er truleg like kraftig som effekten av å slutta å røyka, fortel Anderssen.

Frå artikkelen han og kollega Holme har skrive, kan ein lesa at..

?Lett aktivitet i 30 minutt seks dagar i veka gir 40 prosent lågare dødelegheit.

–Lett aktivitet i cirka 40 minutt fire dagar i veka, vil gi omlag same effekt om den totale tidsbruken er lik, legg Anderssen til.

LES OGSÅ: Helse i kvart eit steg

?Ved moderat aktivitet og høg aktivitet er dødelegheit truleg redusert med 50 prosent.

–Vi veit at di mer du driv på, dess større er effekten. Høg intensitet gir ytterlegare effekt, seier Anderssen.

Held ikkje å tusla

Med lett aktivitet meiner denne undersøkinga ting som gange, sykling og søndagsturar.

Moderat aktivitet er til dømes trening, idrett eller tungt hagearbeid.

Høg aktivitet er hard trening og konkurranseidrett.

LES OGSÅ: I mai vart ho lungetransplantert. Søndag deltok Aud i Knarvikmila

– Å røra noko på seg er veldig mykje betre enn ingenting. Å tusla er dermed betre enn ingenting, men det er ikkje det same som moderat aktivitet. Då må du gå litte granne på, seier Anderssen.

Slik vert du 85

Har du eit mål om å leva til du er minst 85 år, har forskarane ei slags oppskrift for å auka sjansane:

–Studien vår viser at dersom ein ikkje er heilt stillesitjande, har ein 20-30 prosent aukt sjanse for å bli 85 år. Dersom ein er lett fysisk aktiv, auker sjansen med om lag 60 prosent. Om ein har eit høgt aktivitetsnivå har ein 70 prosent aukt sjanse for å bli 85 år, seier Anderssen og Holme til tidsskriftet.

Samanlikningsgruppa er dei som er heilt stillesitjande.

Aldri for seint

Holme og Anderssen har og vist at det aldri er for seint å byrja trena. Dei som var inaktive på 1970-talet, men dreiv med lett eller moderat aktivitet 30 år seinare, hadde 44 prosent lågare dødelegheit enn dei som fortsett var stillesitjande.

God effekt

Lege Egil W. Martinsen som har tatt doktorgrad på tematikken fysisk aktivitet og psykisk helse, og som Johan Kaggestad har jobba tett med, har påvist at fysisk aktivitet påverkar psyken positivt gjennom aukt livsutfalding, større glede, aukt velvere og betre sømn. Fysisk aktivitet betrar og kreativ tenking, sjølvkjensla og gir større oppleving av meistring. Martinsen har vidare konkludert med at ulike treningsformer kan vera like verknadsfulle som intervalltrening.

LES OGSÅ: Rørt Helge Brekke takka av

- Aktivitet tilsvarande ein halv time rask gange kvar dag gir sikker helsegevinst, påpeikar han.

Opp av sofaen

Vibeke Bjerg som du kan lesa om annan stad på sida her, har starta prosjektet FemiRoma som får folk til å endra livsstil, og har mange som følgjer treningsprogrammet hennar på Facebook.

- Ein må tenka på ein heilt annan måte for å folk over dørstokken. Ein skal trena og kjenna at dette er gøy, seier ho.

Så oppmodinga for helga må vera; ta på joggeskoa og gå deg ein tur.

LES OGSÅ: «– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpt før?»

Artikkeltags