Nora heidra 63 år etter

SEINT MEN GODT: Pensjonert admiral Kjell Birger Olsen stod for den formelle tildelinga av deltakarmedaljen til Nora Hauge. ¿ Medaljen kjem seint, men godt, sa han mellom anna.

SEINT MEN GODT: Pensjonert admiral Kjell Birger Olsen stod for den formelle tildelinga av deltakarmedaljen til Nora Hauge. ¿ Medaljen kjem seint, men godt, sa han mellom anna.

Artikkelen er over 9 år gammel

63 år etter at krigen tok slutt, fekk Nora Hauge onsdag sin deltakarmedalje.

DEL

Nora Hauge (då Rongevær) var den siste kvinnelege soldaten som vart utskriven i Storbritannia under krigen. Familien hennar stod sentralt i arbeidet med å hjelpa agentane på lyttestasjonen Risor II i Selsøy i Austrheim. Vetlejulaftan 1944 var tyskarane på sporet, og heile familien måtte rømma landet i Shetlandsbussen ”Hitra”.

Onsdag fortalde Nora sjølv om opplevingane då ho vart tildelt deltakarmedalje under eit arrangement på seniorsenteret. Admiral Kjell Birger Olsen stod for sjølve tildelinga.

På spørsmål om kvifor dei gjekk inn i motstandsarbeidet, seier Nora berre at når fedrelandet er trua er det alle si plikt å hjelpa til om dei kan.

-Men det var ei fæl tid med mykje angst, vedgår ho. Etter at dei kom heim, byrja eit hardt slit på garden som låg til nedfalls. I dag er ho framleis imponerande sprek i ein alder av 88.

-Eg er ein av dei som fekk livet samstundes som andre gav sitt for eit fritt Norge. Nora vart eg først kjend med gjennom politikken i kommunestyret her i Austrheim. Der kan vi slå fast at mykje av det du kjempa for har skjedd no i ettertid. Du er ei flott kvinne og ei sterk kvinne, og eg set stor pris på at eg får lov å kjenna seg, helsa ordførar Ole Lysø.

Artikkeltags