Nesten som originalen

Artikkelen er over 14 år gammel

Gjengen i ”Dark Side of The Wall” fornekta seg ikkje og imponerte stort med sitt Pink Floyd-show i helga. Berre dei aller mest kjende ”øyrene” hadde småting å plukka på.

DEL

Det er heva over einkvar tvil at musikarane i ”Dark Side of The Wall” er dyktige. Nok ein gong viste Helge Nyheim vokal/trommer, Kai Taule bass, Bjarte Aasmul og Dag Øyvind Rebnord brett, at dei tilhøyrer eliten av musikarar.

Pink Floyd-konsertane til bandet har trekt fulle hus i fleire år, men no var det laga til eit ekstra show rundt låtane som er henta frå albuma ”The Wall”, ”Dark Side Of The Moon” og ”Wish You Were Here”.

Video og animasjon

På eit stort lerret bak bandet rulla det korte videosnuttar og animasjon til låtane. Hadde kanskje forventa litt meir, sidan originalbandet ikkje er kjend for det tørste sceneshowet. Men med dei musikalske prestasjonane spesielt til vokalist Helge Nyheim og gitaristen Bjarte Aasmul, vart betydninga av det kvite lerretet liten.

Aasmul hadde plukka riff- og solopartia til siste halvnote og det var berre dei mest ihuga Floyd-fansen som sakna David Gilmour.

Nyheim som vanlegvis er mest kjend som trommis, imponerte også kraftig med stort sprang i vokalen og hard innleving.

Gjestar

Elisabeth Moberg er mest kjend som komikar i Kvinner på Randen. Men ho er også ein stor vokalist. På ”The Great Gig In The Sky” løfta ho taket på Ricks med si utruleg kraftige og fyldige stemme.

Laila Førde på saksofon fekk også stemninga opp fleire hakk.

For dei som ikkje er mellom dei største Pink Floyd-fansen var nok høgdepunkta ”Money” og ”Another Brick In The Wall”.

Gjekk du glipp av dei to forestillingane sist helg, har du ein ny sjanse til helga. Det kan også bli ekstraførestillingar. Om du er Pink Floyd-fantast eller ikkje, bør du ta deg ein tur - dette er musikarar som er verd å få med seg.

Artikkeltags