– Det er på tide å kvitta seg med tinga mine frå krigen. Når eg reiser herifrå skal dei også få medaljane mine, seier krigsveteranen frå Radøy som har runda 99 år.
John Pettersen nytta markeringa av fridomsdagen 8. mai til å overrekkja jakka og skjorta han brukte i den 99. Bataljon. Han var på plass då Nordhordland forsvarsforeining – med Vestnorsk Utvandringssenter og Radøy kommune som vertskap, markerte fridomsdagen på Sletta 8. mai.
LES OGSÅ: Lagar film om krigsveteran
Han har gitt av sine private ting til utvandringssenteret før, og bidrege til utstillinga om den 99. Bataljon, ein amerikansk bataljon som opererte fleire stader i Europa under 2. verdskrig. Pettersen sine minne frå tida han var med i den 99. bataljon er også blitt filmdokumentar.
Kom heim i Eisenhower-jakka
I ein filmdokumentar fortel Pettersen at dei hadde Eisenhower-jakka på seg då kong Håkon kom i land i Norge. «Då dressa vi oss så fint som det gjekk an», seier Pettersen i filmen.
John Pettersen skulle ønskt at langt fleire vil vera med og markera fridomsdagen. Altfor mange flaggstenger stod nakne. Sjølv fekk han ikkje heisa flagget denne gongen.
– Flagglina rauk, og eg hadde verken tid eller krefter til å få gjort noko med det der og då. No er det fiksa, så flagget skal til topps på nasjonaldagen, forsikrar Pettersen.
LES OGSÅ: Kvinneleg "veteran" talar ved bautaen
Han synest det er veldig flott med slike markeringa som på Sletta 8. mai.
Alt for få bryr seg
– Men diverre er det få som er interesserte og bryr seg, vi har det for godt her i landet, seier han.
No ser Pettersen fram til den årvisse samlinga på Vestnorsk Utvandringssenter i samband med den amerikanske nasjonaldagen 4. juli.
– Då skal Einar Aadland og broren Peder legga ned krans og halda minnetale ved den 99. bataljon, og samtidig fortelja om onkelen deira – som var den første i bataljonen som vart drepen i kamp.
– Svikta aldri
Under samlinga på Vestnorsk Utvandringssenter 8. mai var det tidlegare fylkesmann Svein Alsaker som la ned krans på bautaen til 99. Bataljon. Han minna om at Norge militært sett ikkje var førebudd på den tyske invasjonen 9. april 1940.
LES OGSÅ: Dei lærte Amerika skisporten
– Men det var ein nasjon knytt saman i sterkt fellesskap og med demokratiske verdiar og styresett. Det var ein kamp for demokrati og menneskerettar overfor eit umenneskeleg tyranni, sa Alsaker.
Kommandørkaptein Karstein Storaas ved Haakonsvern la ned krans på krigsseglarane sin bauta. I talen la han vekt på at handelsflåten og sjømennene var Norge sitt viktigaste bidrag under andre verdskrig.
– Dei kom ofte i skotlinja, men svikta aldri, sa Storaas.
Modige menneske – trudde på noko
Prest i Fregattvåpenet, Hans Kenneth Sundsbø, stod for avslutninga under samlinga ved Emigrantkyrkja.
– Landet vårt, grunnlova vår og fridomen vår er eit resultat av modige menneske – i mange ulike former. Menneske som har våga å gå ut av sin eigen tryggleik for å skapa noko betre. Menneske som har hatt draumar og visjonar, og har gjort noko med det. Menneske som er blitt fylt av inspirasjon, kanskje eventyrlyst, som har trudd på rettferd, trudd på det gode, trudd på moglegheita dei har fått for å gjera ein forskjell, sa Sundsbø.
Vakt for fridom og fred
Sidan andre verdskrig har over 100 000 norske menn og kvinner delteke i internasjonale operasjonar på vegner av Norge. Sundsbø framheva at veteranane er ein del av Norges arv.
LES OGSÅ: Leitar etter amerikaslekta si
– Dei fleste har rike og gode opplevingar med seg heim, men nokon er blitt skadd, nokon har mista livet. Dei har patruljert, vakta og kjempa for ei betre verd. Som land og folk er vi takknemlege for det de veteranar har gjort og ofra for oss alle, sa presten i Fregattvåpenet.
– Vi er her fordi vi trur på og vil verna om fridomen. Både den vi som nasjon fekk etter 2. verdskrig, men også den vi må vakta no i dagens verdssituasjon. Vi trur på at vi kan gjera ein forskjell. Vi trur at det nyttar å kjempa for det gode. Vi trur at det gode er sterkast, sa Hans Kenneth Sundsbø, som avslutta med kyrkja si fredsbøn.
LES OGSÅ: Draumen som vart verkeleg