– Det er tippoldefar min, Sivert Eikanger som har filma det, fortel Kristoffer Eidsnes frå Eidsnes til avisa Nordhordland.

Eidsnes har laga musikkvideo for artisten Simen Mitlid frå Os i Østerdalen.

LES OGSÅ: Bonde-rap frå Nordhordland med eigen video

Han seier at det heile skjedde heilt tilfeldig.

– Han byrja å snakka om at eg skulle laga eit nytt cover for han, og så fortalte han meg kva songen heitte. Då tenkte eg med ein gong at dette passa bra i lag, seier han.

– Det var ein tanke eg hadde der og då, og så funka det, seier han.

Songen til Midtlid heiter Pictures from the past. Og musikkvideoen viser bilete frå Eikanger og området rundt på 1930-talet, men og noko etter krigen.

Bileta er plukka ut blant heile tolv rullar med til saman tre timar med film.

– Det er kjekt med video frå gamledagar. Det er ikkje alle som har sett video frå der ein vaks opp, seier Eidsnes. Som mellom anna har funne igjen oldemora si, Borghild Eidsnes som held bestefar hans, Leiv Eidsnes.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo mot mobbing

– Det var kjekt å sjå ho halda han, i full HD, seier han.

Midtlid sjølv vart godt nøgd med filmen.

– Den blei veldig fin, og passar veldig godt til låta, seier han til nettstaden Framtida.no.

Eidsnes og Midtlid vart kjende når dei begge to studerte i Volda. Eidsnes laga og coveret til debut-EP-en til Midtlid.

LES OGSÅ: Ralph Myerz-låt i GTA

Eidsnes jobbar for tida som grafisk designar i Oslo.

– Dette er den fyrste profesjonelle musikkvideoen eg har laga. Video er meir på hobbybasis for meg no, seier han.

Video: Kristoffer Eidsnes

Produsent: Tyler Johnson (Vancouver)

Musikkartist: Simen Mitlid

Koring: Austin Basham (Texas)

Songen er forøvrig mastra i det berømte Abbey Road-studioet i London.

Kjenner du igjen personar eller stader på filmen? Fortell oss i kommentarfeltet under!