Vil lokka «Hver gang vi møtes»-stjerne til Nordhordland

Smil på jobb: Bjarne Brøndno gler seg til konsert. Her saman med HMS-rådgivar Hanne-Kjersti Grinna, massekommunikasjonsansvarleg Anne Flaathen og leiar for HMS-teamet i KLP, Vibeke Os-Bratlie.

Smil på jobb: Bjarne Brøndno gler seg til konsert. Her saman med HMS-rådgivar Hanne-Kjersti Grinna, massekommunikasjonsansvarleg Anne Flaathen og leiar for HMS-teamet i KLP, Vibeke Os-Bratlie.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Meland sjukeheim vil vinna:  KLP har ein konkurranse gåande der ein kan melde på arbeidsplassen sin, og vinna ein minikonsert med ein av tre av årets deltakarar frå den populære tv-serien «Hver gang vi møtes»
 

God tone på jobb

Frå Meland sjukeheim har ein avdeling meldt seg på denne konkurransen, som er kalla «Smil! Du er på jobb»
 

– Solkroken er ei ny rehabiliteringsavdeling. Alt vi gjer, og har fokus på, er at ei som bur på avdelinga skal ha eit fint opphald, skriv Kjersti Vikebø Nesse i sitt bidrag til konkurransen.
 

– Vi har deltatt på nærværsprosjekt, der KLP har vore bidragsytar. Det er viktig å førebygge og legge til rette, og ha fokus på det friske og kva som skal til for å kunne vera på jobb. Vi har ein god tone, og behandlar kvarandre med respekt. Vi kunne vore flinkare til å gjera noko i lag på fritida også, fortset Vikebø Nesse i brevet.
 

Spent artist

Frontfigur i DDE, Bjarne Brøndbo gler seg til minikonsert, og er spent på kvar han skal opptre.
 

– Ja, dette blir stas. Eg veit det er mange trivelege arbeidsplassar i Noreg, og det er hyggeleg å høyre at så mange ønsker at eg skal komme å underhalde, seier han.
 

– Eg trur at ansett kvar det vert så trur eg at det blir eit møte med stolte og arbeidsomme personar. Eg er glad i folk, og min oppvekst har lært meg respekt for den som utfører sitt arbeide med stoltheit og lojalitet, seier Brøndbo.
 

Snart avgjort

15. februar er siste frist for å melda arbeidsplassen sin på i konkurransen. Då skal juryen avgjere kva ni bidrag som går vidare til finalen. Kven som til slutt kan smila breiast vert avgjort i midten av mars.

Artikkeltags