Meland mållag med nynorsk songbok

Artikkelen er over 13 år gammel

Etter fleire års arbeid kunne stolte medlemmar av Meland mållag torsdag presentera si eiga nynorske songbok for barn.

DEL

”Syng sjøl” er tittelen på den nye boka med 112 barnesongar på nynorsk. Mållaget har arbeidd i fleire år for å kunna gje ut samlinga, der barnehagebarn frå Meland har laga illustrasjonane. Ein eigen CD med 35 songar er og på veg ut, plata skal vera klar om få veker. Kristine Fluge og Øystein Blom har gjort desse opptaka der barn syng. Åtte av songane er det barna i kulturskulen som framfører.

– Bokutgjeving er ikkje daglegdags for ein mållagsleiar. Men vi meiner det at eit mållag kan ikkje berre snakka mål, vi må setja oss mål og. Og eit par av våre mål har vore å vera synlege i bygda, og å satsa på dei yngste, sa mållagsleiar Britt Aida Birkeland før ho introduserte ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik som ei som likar nynorsk, song og Brann - og som difor hadde ein svært god dag torsdag.

– Ja, men nokon Brann-song på nynorsk har vi ikkje enno, repliserte ordføraren som slo fast at den nynorske songskatten har stor verdi.

– Det du lærar som liten set i for alltid. Dei aller først minna eg har er når eg set på fanget til mor eller far og blar i songboka. Fantastisk at de har jobba så mykje for å få til denne boka, sa Åmdal Sandvik. Ho slo fast at nynorsken i dag er utsett for press, og at vi må verna om den språklege arven. Ordføraren delte og ut blomst til redaktøren Geirmund Johnsen.

Både mållaget og forlaget Selja er elles opptekne av at boka skal vera for heile nynorsk-Norge. Mellom anna vert ho no hovudbok for aldersgruppa i bokklubben ”Blåmann”.

Mållaget nektar ikkje for at dei har tatt på seg eit tungt økonomisk løft. Men takka vera støtte frå mellom anna kommunen har dei kome i mål. No startar jobben med å selja boka.

Barnehagar har teikna

Fleire barnehagar har vore med når barna sjølv vart invitert til å laga illustrasjonane, under leiing av kunstnaren Eli Merethe Nilsen. Dei artige teikningane legg ei flott ramme, saman med klare fargar og spenstig lay out. Forlaget fekk og ros for å ha tenkt praktisk. Boka er laga med spiralrygg, slik at ho kan brukast mellom anna ved pianoet.

– At vi let barna sjølv illustrera handlar om å ta barn på alvor. Dette er ei bok av, for, og med barn, seier barnehagekonsulent Mette Træland.

Artikkeltags