Med mørketid i linsa

KLAR TIL INNSATS: Monica er kledd og klar til innsats.

KLAR TIL INNSATS: Monica er kledd og klar til innsats.

Artikkelen er over 10 år gammel

- Ei oppleving for livet.

DEL

Etter eit års mammapermisjon, kosta Monica på seg ei vekes fotokurs i mørketidslyset i Alta. Ei oppleving for livet.

- Eg hadde nett begynt i jobb igjen som produksjonsplanleggar hjå WesternGeco etter eit år heime med minsteguten, då tanken om eit fotokurs kom ramlande ein sein kveld, seier Monica B. Båtnes frå Bøvågen.

Etter litt leiting på nettet, fann ho fram til Øytun folkehøgskule i Alta og eit kurs i foto/workshop med fokus på mørketidslyset. Her vart det reklamert med at desse første dagane i desember er Finnmark eit eldorado for fotografering med lange blå-timar, is og frostrøyk – med sjanse for perlemorsskyer og nordlys attåt.

Den fotoglade småbarnsmora såg at tidspunktet passa med at mannen var heime frå jobb i Nordsjøen, så ho slapp styra med barnepass til gutane på seks og eit år.

Dermed melde ho seg på, og første dagen i desember var ho klar for å ta inn all kunnskap om fotografering som kursleiaren og møtet med dei andre deltakarane hadde å by på.

Eit heilt spesielt lys

Det vart ei hektisk veke med mykje tid utandørs både på dag- og kveldstid. Her gjaldt det å fanga inn mest mogleg av stemninga i naturen i Alta.

- Nordlyset i Alta og mørketida er noko heilt annleis enn det eg har fotografert tidlegare. Vêret var veldig bra; blå himmel, kaldt og opplett. Det var eit par timar med skumring midt på dagen i eit blåleg lys, elles var det stort sett mørkt, seier Monica.

Ho synest det var ganske spesielt å eta lunsj når det var mørkt ute.

I lånte sko

Temeraturane heldt seg stort sett på 6-8 gradar minus, med lokale svingningar heilt nede i minus tjue. Radveringen som trudde ho var godt nok skodd, fekk fort erfara noko anna.

- Eg fraus veldig på beina første dagen, men då eg fekk låna eit par snøscooter-støvlar, vart det heilt topp. Sidan var det berre fingrane som kjende det kvar gong vi måtte ta vottane av for å fotografera, seier ho.

Og vedgår at ho aldri kunne budd i Alta, og at ho var temmeleg klar på å reisa heim og sjå dagslyset igjen, då veka var omme.

- Samtidig var det veldig fascinerande å sjå mørketida, så det var vel verd både ferieveka og pengane. Absolutt noko å tilrå, seier Monica med klar adresse til ivrige sydenfararar.

Dei beste rakett-bilda

Med seg heim igjen har ho også nytting kunnskap om alt som har med lukkartid og blendaropning å gjera, i lag med redigering og prosessar i fotoshop.

- Eg tok bilde av rakettane på nyttårsaftan, og for første gong blei dei bra – ved hjelp av lang lukkartid, rett fokus og stativ, ikkje minst.

Kunnskapen kjem Monica til å bruk både når ho skal ta bilde av dei håpefulle, og til dømes på vårturen til Praha i april. Med digitalt kamera er det greitt å prøva ut ulike teknikkar utan at ein treng bruka mykje pengar på å framkalla mislukka bilde.

- Eg prøvde faktisk svigermor sitt gamle speglrefleks-kamera nyleg. No skjønar eg litt meir av bruken så det blir spennande å sjå resultatet når eg berre får levert inn filmen, seier ho.

Flott opplegg

Monica nyttar og sjansen til å skryta av Øytun folkehøgskule som må vera blant dei beste i landet.

- I tillegg til eit flott opplegg, hadde dei spisesal med bevertning 12 timar i døgnet, alt var heimelaga og skulen var gjennomført miljøbevisst, seier den fotointeresserte radveringen.

Sjå Monica sine bilde her

Artikkeltags