Med actionfigurar og eksklusive gitarar

ACTIONFIGUR: Kven vil ikkje ha seg ein liten actionfigur? Det er noko av det dei ahr laga til årets festival.

ACTIONFIGUR: Kven vil ikkje ha seg ein liten actionfigur? Det er noko av det dei ahr laga til årets festival. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

MELAND:Flatøy rock er ikkje heilt som andre festivalar.

DEL

– Greia er at vi likar å laga eit heilskapleg konsept på Flatøy rock. Likar å blanda inn det å fortelja ei historie, seier festivalsjef Vegard Flatøy til avisa Nordhordland.

Årets tema er den lokale helten Jochum de Lange.

Identifiserer seg med Jochen

de Lange var leiaren av den store Strilekrigen på 1700-talet.

LES OGSÅ: Marky Ramone til Flatøy

Sjømannen de Lange slo seg ned på Flatøy midt på 1700-talet, og 18. april 1765 leia den karismatiske og visjonære eventyraren 2000 nordhordlendingar til Bergen for å protestera mot den ekstra skatten den danske regjeringa hadde pålagt alle nordmenn som var 12 år eller eldre.

– Vi identifiserer oss med han, seier Flatøy og flirer.

I samband med dette har dei laga massevis av effektar. Mellom anna ein teikneserie som vert festivalprogrammet.

– Men vi har og laga humoristiske ting som actionfigurar og litt overraskande, kule ting som ein gitar, seier ein nøgd Flatøy.

Vinn ein gitar

Han seier at desse tinga er med på å gje eit meir heilskapleg inntrykk rundt festivalen.

– Ideen med Jochen har eg gått og tenkt på i fleire år. Eg tykkjer han burde få meir merksemd, seier Flatøy.

LES OGSÅ: Vinni klar for Kraftspela

Han seier at dei lagar ting dei tenker vil vera artig eller kult.

Gitaren er det berre ein av i heile verda.

– Den kan ein vinna. Vi kjem til å trekka ut ein vinnar blant dei som kjøper billett på førehand, lokkar han.

Marky Ramone og Andrew W.K.

– Kva er verdien på gitaren?

– Sidan det er ein Flatøy rock-gitar, er det vanskeleg å setja ein pris på den, seier han.

LES OGSÅ: Frå hagefest til over 500 besøkande

Fjorårets konsept var 80-tals sommarparty der dei 20 første som kjøpte billett fekk med ein dongerishorts.

– Det byrja folk å kopiera seinare på festivalen, seier Flatøy.

Headlinerar på årets festival er punk-legenda Marky Ramone og briten Andrew W.K., kjend for låten «Party Hard».

Artikkeltags