Då Nh kjem på besøk er det 25. gong at kokkekameratane samlast etter at dei oppretta klubben, og dagen vert feira som eit jubileum. På menyen står firerettars middag med ”Sim sala bim” -salat til forrett, champagnemousse til kvilerett, steikt breiflabb med soltørka tomatar og blomkålkrem til hovudrett, og sitrus-salat med fruktmousse og sjokoladekonfektkake til dessert.

Den spede byrjinga på ”Kokkekameratane” kan sporast tilbake til ein hyttetur kameratane hadde i 2000.

– Vi sat ein kveld og snakka om at vi gjerne ville treffast oftare og kosa oss med god mat. På denne tida var det gjerne Toro- gryterett som stod på menyen når vi gutta var samla. Etterkvart blei vi einige om å møtast ein gong i månaden og eta god mat saman, og det var byrjinga på ”Kokkekameratane”, fortel Morten Sæle. I dag har fotografen, sivilingeniøren, sosionomen og økonomen heilt andre ting på menyen.

Kunsten å redda seg inn

Kokkekameratane samlast kvar sin gong heime hjå kvarandre, og brukar dei neste 3-4 timane på kjøkkenet. Ein og annan brølar har dei hatt på vegen til å verta gourmetkokkar, som til dømes då Øystein forveksla fire desiliter mjølk med fire liter då han skulle laga sjokolademousse. Det er vel ikkje nødvendig å nemna korleis det gjekk.

– Men dette var tidleg i Kokkekameratane si karriere, det er lenge sidan vi har gjort slike brølarar, forsikrar Øystein. – Dessutan var det oppskrifta som var feil, skundar han seg å leggja til.

Dei fire kokkane har sidan skaffa seg mykje erfaring over grytene, og tek no imot oppdrag. Det aller første oppdraget til ”Kokkekameratane” var trerettars middag for 28 personar.

– Det gjekk greitt til slutt og vi fekk gode tilbakemeldingar. Det var riktig nok litt krise på kjøkkenet til tider, men det trur eg ikkje gjestane merka noko til, seier Øystein.

– Det er det som er kunsten. Å redda seg inn at når alt går på tverke og komfyren står i full fyr. Då er det viktig at gjestane ikkje merkar noko til krisa på kjøkkenet, parerar Morten.

FORRETT: Sim sala bim salat er forrett på jubileumsmiddagen, og gutane kan forsikra om at det smakar like godt som det ser ut.

Mjuke menn

De er ikkje redd for å verta stempla som mjuke menn eller tøffelheltar?

– Det er vi slett ikkje redd for, seier Morten. – Dessutan er vi ikkje så mjuke på andre område, skundar Øystein seg å leggja til. Dei fire kameratane trur det er slutt på den tida då det var flaut for menn å lika seg på kjøkkenet. Kjendiskokkar som Arne Brimi, Trond Moi og Jamie Oliver har for lengst bana veg for tøffe karar. I byrjinga var det berre gutane som treftest, men no er også damene med, og dei gir kvart måltid terningkast.

– For oss er det eit høgdepunkt å treffast slik, seier Tore Andre. Og det er ingen tvil om at dei fire kosar seg saman på kjøkkenet.

–Vi pratar om det meste, om det vi har gjort, kva vi burde ha gjort, og kva vi slettes ikkje skulle ha gjort, seier Øystein. Han seier at det er det sosiale som er viktig. Elles planlegg kameratane ein tur til Toscana neste år, og det kjem garantert til å bli ei reise med kulinariske opplevingar.

Du kan lesa meir om dei fire gutane på www.kokkekameratene.no