Marky Ramone til Flatøy

FESTAR HARDT: Andrew W.K og Marky Ramone kjem til Flatøy, av alle plassar, i sommar.

FESTAR HARDT: Andrew W.K og Marky Ramone kjem til Flatøy, av alle plassar, i sommar. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Rockar Meland saman med Andrew W.K.

DEL

Flatøy Rock har tradisjon for å booka lokale band, og slik vert det også i år. Den store skilnaden er at årets headliner er inter­-nasjonale superstjerner.

– Det er litt sprøtt å tenka på at Marky Ramone og Andrew W.K. skal spela på Flatøy. Det er berre eit par år sidan Flatøy Rock var ein venegjeng som spelte og hadde det moro saman på ei scene av pallar i hagen til foreldra mine, seier festivalsjef Vegard Flatøy.

LES OGSÅ: Bonde-rap frå Nordhordland med eigen video

For det var altså slik det heile byrja: Vegard Flatøy hadde lyst å gjera noko moro for venene sine sommaren 2008. Dette vart forløparen til Flatøy Rock, som dei første åra altså var ein stor hagefest med utescene. I 2011 flytta festivalen opp på gamleskulen på Flatøy, og her har den vorte arrangert sidan.

Omveg i turneen

Artistlista har alltid vore god, men det har stort sett vore band frå Hordaland som har stått på scena på Flatøy. Eit par heiderlege unntak, som for eksempel den alltid feststemte gjengen i Gudbrandsdali Gangstaparty, har det vorte, men aldri noko i nærleiken av årets headliner.

For dei som av ein eller annan grunn skulle vera i tvil om kven Marky Ramone er, så spelte han altså trommer for legendariske The Ramones i 15 år. Han er det siste, gjenlevande bandmedlemmet av den lengstlevande band-besetninga som spelte saman i bandet som ofte vert kalla den første punk-gruppa nokon gong.

Han har også spelt i ikkje ukjende Dust, Wayne County and the Backstreet Boys, Richard Hell & the Voidoids og ikkje minst The Misfits. Det er i sanning ei rockelegende som står på scena utanfor Flatøy skule lørdag 3. august.

LES OGSÅ: Johnny Ramone har kreft (2004)

Med seg på scena denne kvelden har han ei anna, amerikansk musikklegende. Andrew W.K. er riktig nok ikkje av det same legendekaliberet som The Ramones, men for Jackass-generasjonen er han heilt der oppe.

At desse to spelar på Flatøy er eit resultat av gode kontaktar. Marky Ramone´s Blitzkrieg er i desse dagar på verdsturné, og dei spelar i utgangspunktet sin einaste konsert i Norge på Grand i Arendal 24. juli. Vidare går turen til Viersen i Tyskland, før Glabbeek i Belgia står for tur fredag 2. august. Søndag 4. august spelar bandet, ifølgje tourlista, i Anapa i Russland.

Innimellom desse to konsertdatoane får altså Flatøy storfint besøk.

– Dei tar rett og slett ein omveg i turneen sin. Vi fekk kontakt med dei via ein av våre kontaktar, og dei fekk høyra om Flatøy Rock. Dei likte konseptet så godt at dei ville spela her, fortel Flatøy.

Den første «rockestjerna»

Årets Flatøy Rock går over to dagar, fredag og lørdag. Utanom headlineren lørdag er Ekkolodd, Still Shaking og husbandet Vegard Flatøy Band allereie klare for festivalen, men festivalsjefen forsikrar at det kjem veldig mykje meir.

– Folk har noko å sjå fram til. Dette vert utvilsamt den beste Flatøy Rock nokon gong, seier han.

LES OGSÅ: Christine er ikkje som alle andre jenter

Flatøy Rock har tradisjon for å legga seg på eit spesielt tema kvart einaste år. Denne gongen er det mannen som i anførselsteikn kanskje var den første rockestjerna i Nordhordland, Jochum de Lange, som vert gjennomgangsmelodien.

Jochum de Lange var leiaren av den store Strilekrigen på 1700-talet. Sjømannen de Lange slo seg ned på Flatøy midt på 1700-talet, og 18. april 1765 leia den karismatiske og visjonære eventyraren 2000 nordhordlendingar til Bergen for å protestera mot den ekstra skatten den danske regjeringa hadde pålagt alle nordmenn som var 12 år eller eldre.

Fattige strilar vart ekstra hardt ramma av denne skatten, og under leiing av de Lange bar det altså til Bergen for å seia klart og tydeleg ifrå. Protestane vart valdelege, og det enda med at myndigheitene i København sende eit krigsskip til Bergen for å skapa orden. Leiarane for opprøret, inkludert de Lange, vart først dømt til døden, men straffa vart sidan redusert til fengsel. Jochum de Lange enda likevel sine dagar i ei fengselscelle mellom dei sju fjell.

– Konseptet i år vert ein hyllest til Jochum de Lange. Han kjem til å pryda både plakatar og t-skjorter. Han er kanskje Flatøy og Nordhordland si største rockestjerne gjennom tidene. Dette handlar om tilhøyrigheit og om å vera stolt av staden ein kjem frå, seier Flatøy, som unekteleg fell innunder sistnemnde kategori.

LES OGSÅ: Ein hysterisk morosam Toyota

Artikkeltags