Gå til sidens hovedinnhold

Manger Ungdomslag i «nytt» hus

Artikkelen er over 6 år gammel

RADØY: Det gamle kommunehuset ”Solvang” er nyrestaurert og påbygd. No skal det også skapast aktivitet.

– Det er blitt eit fint og tenleg bygg. Huset er booka heilt fram til 2019, med tilstellingar av ymse slag, seier leiar i ungdomslaget, Raymond Stordal, som er godt nøgd med bygget.

Ungdomslaget hadde invitert til ope hus, med kaffi og kaker lørdag.

Les også: Kulturpris til eldsjel for rockeverkstad

Møteplassen.no?

– No gjeld det å skape aktivite tar som dei unge vil vera med på. Vi har planar og idear. Vi vil prøva å arrangere disco for 5. til 7. klassingar mellom anna. Og kanskje kan vi dra i gang bygdedansen igjen, også?, seier Stordal til Nh.

– No får vi berre tru at dette vert den nye møteplassen.no, og at folk kan treffast slik som før, og legga sosiale medium til sides, seier Margun Stordal, som sjølv har mange gode minne frå ungdomstida i ”Solvang”.

– Far og mor mi møttest her ein 17. mai. Sjølv gledde eg meg til den første dansen i 1964. Etter planen skulle vi konfirmerast om våren, og gå på dans 17. mai.

Les også: "Spiderman" for Ungdomens Hus

Men kommunesamanslåinga i 64 endra planane. Konfirmasjonen vart utsett til hausten, og 17. mai-dansen vart det ikkje noko av. Det var ei traumatisk oppleving, seier ho med eit smil.

Nyrestaurert bygg

Men medlemsnåla kom på plass, og sidan har det vorte mange dansekveldar i ”Solvang”.

– På medlemskveldane vart det kokt betasuppe i kjellaren. Den vart heist opp gjennom ei luke i golvet, og på lørdagsdansen var det skytebane i kjellaren, med luftgevær. Det var prestisje å vinna her og, seier ho til Nh.

No er underetasjen og rusta opp, med steinfliser på golvet, nye toalett og ”pyntespegel”. Her har Else Marie Nødtvedt, Karen Margrete Lervik og Eva Karin Klausen har funne seg til rette.

Les også: Byggjer ungdomshuset han sjølv sakna

– Vi set oss gjerne ned her ein lørdagskveld, og gjer oss klare til dans. Lokala er retteleg fine, med ny scene og påbygg og fin uteplass. No er det berre dansemusikken som manglar, seier dei til Nh.

Manger Ungdomslag

Den 27. oktober 1907 møttest nokre ungdomar i kommunehuset på Manger. Lærar Johan Heiberg hadde kalla inn til møtet, og meininga var å skipa eit ungdomslag i bygda.

Og søndag 3. november var det skipingsmøte. ”Man enedes om at danne et lag under namn av Manger Ungdomslag”.

Første tida leigde laget møterom i kommunehuset. Men tilgangen til huset vart etter kvart sterkt avgrensa.

Laget får seg hus

Møta skulle haldast på ettermiddagen, mellom klokka 16 og 18, og det gjorde det vanskeleg å samla folk, og frammøtet vart heller lite. Kommunen skulle bygga nytt kommunehus i 1917.

Les også: Innbrot i ungdomshus

Laget fekk då kjøpa det gamle kommunehuset for 5000 kroner, men då måtte dei riva huset og flytta det sjølv. Det vart kjøpt grunn hjå Ingolf Bøe. Våren 1919 stod huset såpass ferdig at påskefestane kunne haldast der. Huset fekk namnet ”Solvang”

Dei som stod i brodden for laget, gjorde seg seinare sterkt gjeldande i samfunnslivet. Laget vart eit springbrett som lyfta mange oppover og framover.

”Og ein veit at dei ser med glede tilbake på tida i ungdomshuset og er takksame for det grunnlaget dei fekk på talarstolen i laget. Eller på scena, eller i leiken. Sjølv-vyrdnad og sjølvtillit. Vidsyn og menneskekunnskap. (Petter Morken: Soga til Manger Ungdomslag).