- Dette er ein stor augneblunk for meg. Nesten magisk, sa ein bevega ordførar då ho lørdag avduka Ivar Medaas-statuen i bronse.

Svært stemningsfullt

På førehand hadde Matilde Medaas Skogen framført morfaren si n legendariske slager, ”Gamle dampen”, frå senterscena, og hennar versjon fekk tårene fram i mang ein augekrok.

- Matilde sette stemninga, eg vart heilt sett ut og veldig bevega, seier Yngvill Skogen Medaas, mor til Matilde og Ivar Medaas si dotter Medaas.

Ho var overvelda over at så mange tok seg ut i den kalde kvelden for å oververa avdukinga.

Ein høvding

Kunstnar Arne Mæland var glad for å sjå statuen vel heim.

- Utfordringa mi då eg fekk oppgåva var at eg skulle laga ein statue av ein mann som eg kjende så godt gjennom media, og som stod for meg som ein høvding, sa han under avdukingsseremonien.

Les meir i onsdagsutgåva av Nh, og sjå reportasje på TVNordhordland.