Line og Svanhild er hekta på trening

Boksing er super trening, synest Line og Svanhild.

Boksing er super trening, synest Line og Svanhild. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Frå eit passivt liv med vektproblem og dårleg med motivasjon, kvir ikkje Line og Svanhild seg for å utfordra eigen komfortsone. No trenar dei 5-6 dagar for veka, og har det dritgøy.

DEL

Legen meinte Line burde vurdera slankeoperasjon. Motvillig tok ho det vanskelege steget inn i treningsstudio. Der møtte ho Svanhild.

Det er to treningsglade jenter som møter nh på Studio Nor. Med sin historie vil dei gjerne inspirera andre.

Svahild Sæverås (37) frå Frekhaug fortel at ho for to år sidan vog over 120 kilo, og sat for det meste i sofaen.

LES OGSÅ: I mai vart ho lungetransplantert. Søndag deltok Aud i Knarvikmila

- Eg slanka vekk 30 kg på eit år på Grete Roede-kurs, og kjende då at eg trengte meir trening, seier ho. Ei annonse om Sprek & blid livsstil skulle bety starten på ein heilt ny kvardag. Den same annonsen hadde Line Fyllingsnes Kvinge (31) frå Eikanger sett. 10. september 2013 er ein dato som har brent seg fast i minnet hos dei to jentene.

Slankeoperasjon neste?

Tidleg i 2011 vog line vel 140 kilo. vekta måtte ned.

- Fastlegen meinte eg burde vurdera slankeoperasjon. Det var eg ikkje lysten på, så eg prøvde pulver. Det funka dårleg, eg gjekk over til lavkarbo og vekta gjekk ned, seier ho. Og legg til at ho trente lite effektivt, så livsstilskurset vart ein rein innskytelse.

- Men eg følte på ein sterk motvilje, og alt etter første timen hadde eg lyst å slutta. Eg hadde vondt overalt, men den personlege trenaren vår protesterte. Eg let meg overtala, og var fast bestemt på å visa han at det ikkje ville gå, ler Line.

Ut av komfortsona

Line og Svanhild fann fort kvarandre i flokken på fem jenter som begynte på Studio Nor sitt opplegg.

- Det er fantastisk å vera to som kan dra kvarandre, og ha nokon å dela med når ein møter veggen. Og så er det godt at her er nokon som har overordna kontroll, seier dei og kikkar bort på Christoffer Eide som har tatt over rolla som deira personlege trenar.

- Dei likte seg veldig godt på PT-rommet for seg sjølv, men etterkvart fekk eg dei ut blant dei andre, og pressa dei ut av eigen komfortsone, seier han. Og legg til at han no må jobba med at dei får nok kvile og tid til restituering.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo - vil verta så fit som mogleg

– Vi tok og eit kurs nummer to som varte fram til jul, og då var vi hekta. No kan vi ikkje tenka oss å slutta med treninga, seier Svanhild.

- Først Marcell og så Christoffer har gjort ein fantastisk jobb. Eg hadde ikkje greidd meg utan deira motivasjon og tru på at eg skulle få det til, seier Line.

- Det er de som har gjort jobben. Eg har berre utfordra dykk, for eg har sett at de har mykje meir på lager enn de sjølv trudde, seier Christoffer.

- No er det nesten deilig å vera utafor komfortsona, seier Line.

Dei legg ikkje skjul på at dei første vekene med trening var tunge, men så var det så ufatteleg gøy og motiveande å få målt framgangen.

Klar melding frå heimen

Jentene trener no 5-6 dagar for veka. Svanhild har stor sans for tung styrketrening, medan Line likar godt det ho kallar «spyøkter» der ein må gjera fleire repetisjonar enn ein kan.

- Då må ein gå inn i den boblen der ein berre konsentrerer seg om seg sjølv, seier ho. Og legg til at utan støtte frå familie og vener, hadde det vore vanskeleg. For treninga tar mykje tid og ho er blitt ganske så fanatisk.

- Det hender eg får melding heime om at no trur eg du skal gå på trening, seier Line og smiler.

LES OGSÅ: Kristin siktar mot verdstoppen i golf

– Eg har ein 15 åring i huset som seier at du er så mykje meir glad no mamma, fortel Svanhild. Ho er ikkje i tvil om at treninga gir meir overskot og fører til at ho er meir tilstades.

- Vi har det dritgøy. Studio Nor er blitt den plassen eg likar best å vera, fortsett frå heime, seier Line og skryt av det gode miljøet.

- Eg har likt heilt frå starten at det er alle typar her, og eit veldig fint fellesskap. Folk helsar og snakkar saman, seier Svanhild. Sjølv synest ho treninga er ufatteleg gøy, og så kjenner ho at ho er blitt mykje sterkare, og det vil ho sjølvsagt halda ved like. Line nikkar.

Dei to feira eitt års jubileumet med å delta i konkurransen «Toughest» i Holemkollen; 8 km løp med 46 innlagte hinder. Det vart to timars mimring om støtta dei har fått og om den fantastiske endringa dette året har medført, fortel dei.

- Haldninga på førehand var at vi må då greia å gå gjennom løypa, seier Line.

- Ja, før det blei mørkt, legg Svanhild til. Men faktisk greidde dei å jogga gjennom dei 8 kilometrane.

Rett fokus

Kosthaldet er og i fokus på livsstilskurset.

- Vi har snakka ein del om det, men dei har stor kunnskap sjølve, seier Christoffer. Jentene synest likevel det har vore kjekt å få råd om eit vanleg, sunt kosthald, og ikkje minst i samband med trening.

- Korleis er kosthaldet dykkar?

- På ein treningsdag har eg 6-7 måltid. Havregraut til frukost, brødmat eller salat til lunsj, vanleg middag med mindre pasta og poteter, og så har eg frukt, yoghurt og nøtter til mellommåltid og kvelds, seier Svanhild.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull i styrkeløft

Ho har gått ned 10 kg dette siste året, og har ein heilt annan fettprosent enn tidlegare. I tillegg til at ho har fått ein mykje sterkare kropp.

– Eg spiser framleis lavkarbomat, og er opptatt av å laga mat frå bunnen av. Og så har eg med meg mat på trening som eg kan fylla på med når eg går tom, seier Line.

For eit år sidan viste vekta 118 kg. I dag er ho vel 90, og skal endå ned nokre kilo.

- Men dei forsvinn når eg fortset. Det føles veldig bra å ha ein kropp eg kan stola på, bruka til det eg vil, og vera stolt av, seier ho.

Varig livsstilsendring

Både Line og Svanhild er klar på at det aller beste med dette året har vore det å ha møtt nokon som forstår, og kor livsendrande det kan vera å ha lært seg å ha eit mål og ein visjon.

– Alle kan klara denne typen livs-stilsendring. Ein må berre begynna på rett stad, seier Line og får eit bifallande smil frå Svanhild.

LES OGSÅ: «– Veit du kor gammal er, og veit du at eg aldri har løpt før?»

Artikkeltags