Kunst med tema «reise»

BENSINPUMPE: Steinar Feste Kvamme har laga ein modell av ei gammal bensinpumpe.

BENSINPUMPE: Steinar Feste Kvamme har laga ein modell av ei gammal bensinpumpe.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– For å kunne reise langt treng ein påfyll, noko du finn på bensinstasjonen. Eg synest det er artig å komma til bensinstasjonen, få ein pause og litt mat, og bestemte meg for at dette skulle bli mitt prosjekt.

DEL

Det fortel Steinar Feste Kvamme, som går i 10. klasse på Knarvik ungdomsskule.

Han tenkte først å lage ein bensinstasjon, men kom fram til at ei bensinpumpe var meir overkommeleg.

– Og då vart det ei gammaldags pumpe, seier han.

Flott modell

Kvamme har lagt mykje jobb i prosjektet sitt. Sjølve pumpa er laga av tre, og sirleg måla i Shell sine fargar. Påfyllingspistolen har han fått hjelp til å laga hos Radøygruppen.

– Eg har fått laga ein 3D-modell, og vart ganske fornøgd med resultatet, seier Kvamme.

Mykje kreativitet

Bjarte Leithaug er lærar i Kunst og Handverk for klasse 10E, er imponert over mange av dei kreative kunstneriske innslaga.

– Dei har fått ei oppgåve med eit tema, og har sjølv fått velje den uttrykksformen som dei har lyst å bruke, seier han, og viser fram dei forskjellige innslaga. Her er brukt til dømes treskjering, tekstilarbeid, måling og så vidare.

– Kunst og Handverk er blitt så mykje meir, no har vi foto, video og til dels data også, fortel Leithaug, og peikar på ein gullfiskbolle med sand og litt småting i botnen.

– Denne skal fyllast opp med vatn, og skal vera byen Venezia, som ligg å flyt på sjøen.

Leithaug fortel at elevane får karakter på prosjekta sine, og at det vert lagt vekt på kreativitet og originalitet.

Artikkeltags