Linda kjempar mot jante

KJEMPAR?MOT?JANTELOVA:?Med si nye framsyning kjempar Linda Fosse mot jantelova og for at folk skal få sjølvrealisera seg sjølve.

KJEMPAR?MOT?JANTELOVA:?Med si nye framsyning kjempar Linda Fosse mot jantelova og for at folk skal få sjølvrealisera seg sjølve. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Linda Fosse har laga ei framsyning for å inspirera andre. Sjølv var ho ekstremt nervøs før ho gjekk på scena i heimbygda.

DEL

– Eg var dødsnervøs før framsyninga i dag. Eg måtte verkeleg jobba meg oppover på den rette sida, seier Linda Fosse.

Gjekk rundar med seg sjølv

På søndag stod ho på scena på Alversund skule med framsyninga «kor tid, om ikkje no?»

Førstillinga handlar om ein i 2014 er komen der ein vil som menn og kvinner og om det er samfunnet rundt oss som er det største hinderet vi møter på, eller om det faktisk er oss sjølve.

– Eg har gått nokon rundar med meg sjølv, før eg landa på denne framsyninga, seier ho.

LES OGSÅ: Tar Låstad Lygre til Oslo

– Eg hadde ikkje gjort den for fem år sidan, legg ho til.

Framsyninga er ho åleine på scena med ein treskulptur av ho i full storleik, samt Frode Skag Storheim på piano.

Heile prosjektet er ei form for sjølvrealisering.

Har stått på DNS

– Eg har eit håp om å kunne inspirera andre til å sjølvrealisera, då eg har eit veldig behov for å formidla og inspirera andre til å tora å gjera ting. Då må ein gjerne gå fram sjølv, innser ho.

Tanken om framsyninga har ho hatt med seg sidan 2008, då ho utdanna seg til coach.

– I fjor haust tenkte eg at eg måtte gjera alvor av det, seier ho.

Ho kontakta mellom annan Den Nationale Scene i Bergen, og åttande januar fekk ho beskjed om at ho kunne få opptre hjå dei på kvinnedagen.

– Då var det berre å få det ned på papiret, seier ho.

LES OGSÅ: Herborg og Linda i poesi-fest

Mykje av stykket handlar om jantelova. Sjølv seier ho at ho ikkje har opplevd det noko særleg.

– Ikkje anna enn inne i hovudet mitt. Men der er den sterk nok, seier ho.

– Jantelova er sterk hjå folk

Ho seier at slik er det truleg for mange, frykta for kva andre seier om ein er gjerne større enn kva den treng å vera.

– For min del har eg ikkje følt at eg har vore offer for jantelova, anna enn kva eg sjølv har gjort meg til offer.

– Korleis har det gått føre seg?

– Det blir jo til at ein tenker; «kva vil dei andre seia?». Frykta for å ikkje vera god nok, og frykta for at andre trur at ein sjølv trur ein er noko, utdjupar ho.

– Akkurat det er noko som eg trur held oss igjen, seier ho.

– Har du komme over den frykta?

– Nei, er du galen. Eg var dødsnervøs før framsyninga i dag, seier ho.

Turné

No for tida bur ho på Osterøy, men var likevel svært spent før ho gjekk på scena i Alversund.

– Du tenker på det på førehand, men ikkje når du står på scena, seier ho.

LES OGSÅ: Linda og Leif Egil leiar heksejakta

Når ho spelte stykket i Bergen, der ein er meir anonym, tenkte ho ikkje så mykje på det.

– Det er noko med det å vera profet i eiga bygd, peikar ho på.

No skal ho etter planen ut på turne med framsyninga si rundt om kring i Hordaland.

LES OGSÅ: Kjærleik over åsen

Artikkeltags