Let there be rock!

INKLUDERTE PUBLIKUM: Estrangde-vokalist Carl Sebastian Maaseide hadde med seg publikum heile vegen.

INKLUDERTE PUBLIKUM: Estrangde-vokalist Carl Sebastian Maaseide hadde med seg publikum heile vegen.

Artikkelen er over 7 år gammel

Killerband og Estranged på Garveriet. (Med levande bilde)

DEL

Med berre 70 innbetalande første spelekveld fekk ikkje Tanita and the Killerband og Estranged heilt den starten dei hadde håpa på då dei inviterte til dobbelkonsert på Garveriet fredag og lørdag. Men andre dag vart det sett ny publikumsrekord.

Som alltid i Nordhordland er folk litt treige med å koma seg ut, og klokka ti over elleve denne lørdagskvelden er det ikkje fullt på Garveriet. Ein halv time seinare er situasjonen ein ganske annan. Når folk først kjem så kjem dei i hopetal.

På scena gjer Tanita and the Killerband ”Zombie” av The Cranberries, og om ein ikkje hadde sett det heile med eigne auger hadde det ikkje vore lett å skilja Tanita Kolås si stemme frå Dolores O'Riordan si. Musikken er god. Stemninga er god.

- Tenk å få sånn kvalitet på ein pub på bygda. Eigentleg heilt utruleg, seier ein lokal musikkjennar i det han passerar Nh sin utsending.

Han har eit poeng.

Sjå bildeserie frå konserten her

Allsongfaktor

”Zombie” døyr ut til jubel og applaus. Tanita sjekkar stemninga via mikrofonen, og får svar om at denne er på topp. Musikken spelar igjen:

” Mississippi in the middle of a dry spell, Jimmy Rogers on the Victrola up high. Mama's dancin' with baby on her shoulder, The sun is settin' like molasses in the sky?”.

Alannah Myles sin monsterhit ”Black Velvet” er siste song ut før eit kjapt sceneskiftet. Festkledde damer mellom 20 og 40 syng med for full hals.

Karane i lokalet har ikkje like mykje å bidra med akkurat på denne låta, men dei skal koma sterkare tilbake etter kvart som natta går mot dag, og musikken i større grad nærmar seg høgt hår med mykje volum.

Hip-hop-publikum

Sceneskiftet går kjapt. Halve besettinga i Tanita and the Killerband spelar nemleg også i Estranged.

No er det Carl Sebastian Maaseide som har mikrofonen, og alle som har vore på konsert med Estranged veit at på scena utkonkurrerar han sjølv den mest hardføre Duracel-kanin.

Guns N´ Roses sin udødelege ”Welcome to the Jungle” set standarden no når lokalet snart er fullt, og når Aerosmith sin ”Walk this Way” litt seinare dundrar ut i forsamlinga, ja då kjem også allsongen.

Der Steven Taylor hadde hip-hoparane i Run D.M.C. til å assistera, får Estranged hjelp frå første rad. Og om nokon skulle vera i tvil? Det er this way du skal gå.

?but me!

Stemninga stig proporsjonalt med musikken, men når klokka passerar midnatt er det klart for ein kjapp spelepause. Kenneth Kolås, som spelar trommer i begge banda, ser mest letta ut for akkurat dette. Det tar på å hamra laus med to band på rad.

Men før pausen børstar Estranged støv av ein av rockehistorias aller største slagarar, Queen sin ”Bohemian Rhapsody ”.

Med over 300 vokalistar under det låge taket vert det litt av ein lyd, og når headbangingsekvensen mot slutten av songen kjem, er det mykje hår i aktivitet. Dei potensielt slitne nakkevirvlane dagen der på er det mange av.

Carl Sebastian avsluttar for tryggleiks skuld songen med ein eigen vri: ”Nothing really matters?.. but me!”. Dermed tar bandet pause til litt latter innimellom applausen.

Sliten, men fornøgd trommis

- Vi er kjempefornøgde med helga. Fredagen kom det færre enn vi hadde rekna med, men med 320 gjestar lørdag, og ny publikumsrekord sidan nyopninga, jamna det seg ut. Lørdagen var fantastisk, seier Kenneth Kolås etter at helgast strabasar er unnagjort.

Trommisen, som altså spelar i begge banda, synest tobandsprosjektet var spennande.

- Absolutt, men eg skal ikkje legga skjul på at eg var bra sliten på slutten. Det tar på å spela trommer, og endå meir i to band. Men det gjekk jo greitt, gliser han.

Tilbakemeldingar har ikkje Kolås fått så mange av sjølv, men dei andre i banda fortel om utelukkande positiv respons. Så dette freistar til gjentaking.

Sjå bildeserie frå konserten her

Artikkeltags