Leikvoll fekk Stig Sæterbakkens minnepris

Arkivfoto: Morten Sæle

Arkivfoto: Morten Sæle

Artikkelen er over 5 år gammel

- Dette er den mest ærefulle dagen i mitt forfattarskap, eg er rørt over å få Stig Sæterbakkens minnepris, seier forfattar Jan Roar Leikvoll. Prisen er på 100.000 kroner.

DEL

Juryen sa blant anna dette om prisvinnaren: «Jan Roar Leikvoll viser ein kompromissløsheit med hensyn til tematikk, eit repetitivt og svermerisk poetisk språk og ikkje minst – å våge å skrive tre bøker som er såpass like i form, språk og innhald. Hans foreløpige forfattarskap er eit av dei mest gjennomførte og unike prosjekta i norsk samtidslitteratur.»

LES OGSÅ: Brutale Bovara

Jan Roar Leikvoll kjem frå Frekhaug i Meland, og debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Med Fiolinane (2010) og Bovara (2012) stadfesta han at han er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Han har mottatt Nynorsk Litteraturpris, Bjørnsonstipendet og Sigmund Skard-stipendet, samt vore nominert til Kritikerprisen.

LES OGSÅ: Bjørnsonstipendet til Jan Roar Leikvoll

I haust kjem Leikvoll med si fjerde bok, «Songfuglen», som kjem ut i slutten av september.

Stig Sæterbakkens minnepris vert delt ut årleg av forlaget Cappelen Damm til en forfattar med overbevisande litterære kvalitetar, originalitet og mot til å skapa sine eigne prosjekt. Prisen er åpen for alle sjangrar innan det skjønnlitterære feltet.

Prisen vert utdelt til minne om forfattaren Stig Sæterbakken som døydde i januar 2012. Hans rausheit overfor unge litterære talentar er tenkt vidareført med denne prisen, som har som intensjon å gi allereie lovande forfattarskap moglegheit og tid til å utvikla seg.

Artikkeltags