– Personleg tykkjer eg det er ein fin ting å finna Spellemann. Eg vert glad av å vinna. Men kva det betyr vidare er det vanskeleg å seia noko om, eg får sjå det an, seier Erlend Sellevold til avisa Nordhordland.

Veit ikkje kva han skal bruka prisen til

På lørdag vann han spellemann for si sjette platte som Ralph Myerz, Super Sonic Pulse.

– Eg merkar at det ligg masse prestisje i å vinna ein slik pris, men eg veit ikkje heilt kva eg skal bruka den til. Men det har ført med seg masse glede og gjer inspirasjon til å laga musikk vidare. Og folk får med seg det ein gjer på, seier han.

LES OGSÅ: – Eg hadde ikkje vore her utan mamma!

Han jobbar for tida med å laga klar to plater som skal vera klare om kort tid.

– Eg har hatt lyst til å laga ei rolege plata, fortel han.

Den rolegare plata skal komma til sommaren og ei discofisert plate som kjem til hausten, fortel han.

Hovudfokuset hans er på den rolege plata.

Los Angeles og New York

Innspelinga skjer både i Los Angeles og New York.

Tidlegare har han hatt med seg både Snoop Dogg og George Clinton som gjesteartistar på platene sine. Han lovar og kjende gjesteartistar på sine neste plater.

– Men eg kan ikkje røpa dei enno, seier han løyndomsfullt.

LES OGSÅ: Musikkvideo med unike bilder frå Eikangervåg

Men sjølv om han reiser verda rundt og spelar inn plater, saknar han tidene på Litlebergen med Jens-Arthur Wiken og Torgeir Byrknes.

– Uansett kor fine og kule studioa er, har dei ikkje same sjarmen og stemninga som Jens-Arthur fekk til, seier Sellevold.

Klatra med stige inn i studio

– Vi måtte klatra inn i studioet via ein stige, for det var noko gale med trappeoppgangen. Men når vi fyrst kom inn var det utruleg koseleg. Jens var ein sinnssjukt flink fyr og heile det rare miljøet betydde enormt mykje for meg, seier han.

I takketalen takka han særleg mora si, Eirin.

– Mamma er fantastisk. Ho har vore superkul. Det same må seiast om pappa og. Dei har vore kule og gjeve meg mykje støtte, seier han.

– Eg har vore heldig

– Det er eit rart val å verta musikar. Eg var jo på veg til å verta lærar. Då er det eit dramatisk val å verta musikar der ein går inn i ein meir usikker tilvære. Men dei har alltid støtta meg, heia på meg og høyrd på låtane mine. Eg har vore veldig heldig, seier han.

LES OGSÅ: Singel-debutantar dunka rett inn på førsteplass

Dette er fyrste gong Ralph Myerz har vore nominert til Spellemann, og han vann på fyrste forsøket.

– Det er grådig kjekt. Ekte gøy. Det var kjekt at det var denne plata eg vann med, for eg har hatt mange flinke folk med meg til å hjelpa meg. Gøy at dei og vart anerkjent. Dett er like mykje deira pris som min, seier han.

Sjølve statuetten skal ikkje opp på nokon uteplass, men takast med heim til mor og far på Sellevold.

LES OGSÅ: Ralph Myerz-låt i GTA