Gå til sidens hovedinnhold

Kulturpris til kyrkjeleg arbeid

Artikkelen er over 14 år gammel

Berre nokre få personar visste om at årets kulturpris skulle delast ut i kinosalen på Matre søndag kveld. Og prisvinnaren, som sjølv ringte og inviterte nh til adventssamling denne kvelden, ante minst av alle.

Gunvor Fyllingsnes, som leia adventssamlinga på Matre søndag, var på veg til å gå vidare i programmet etter at kveldens store overrasking; utdelinga av frivilligprisen til Berit Dyrkolbotn, var unnagjort. Men ordførar Håkon Matre ville det annleis.

- Eg har ein ting til eg vil seia. Vi kjem til å kuppa dette showet litt til. Vi har nemleg ein pris til å dela ut. Årets kulturpris, sa Matre.

Dermed sette Gunvor Fyllingsnes seg ned igjen. Lite visste ho då om at ho ganske snart måtte reisa seg opp igjen for å ta imot prisen på vegne av det kyrkjelege arbeidet for barn og unge i Masfjorden kommune.

- Samrøystes

Nok ein gong hadde ordførar Matre eit dikt på lager for å gjera stas på prisvinnaren, og det mangla ikkje på gode ord om Gunvor Fyllingsnes. Mellom anna påpeika ordføraren at barn og unge alltid får med seg gode verdiar frå Masfjorden når dei reiser ”ut i verda” og at kommunen er stolt av oppvekstmiljøet sitt. Det kyrkjelege arbeidet for barn og unge får mykje av æra for dette. Og det er kanskje ikkje så rart. Kvar veke har Gunvor Fyllingsnes med rundt 150 barn og unge å gjera, anten det er i kor eller andre tilstellingar i regi av bedehuset. Prosentvis er dette ein ganske betydeleg del av dei unge i Masfjorden.

- Det er formannsskapet som har bestemt kven som skal få prisen, og eg kan fortelja deg at det var eit samrøystes formannskap som tok denne avgjerda, seier Matre.

- Stort arbeid

Prisvinnaren sjølv, som altså var med på å arrangera adventssamlinga, visste ikkje kva ho skulle seia etter at ho fekk prisen og ein sjekk på 5000 kroner til arbeidet.

- På vegne av det kyrkjelege barne og ungdomsarbeidet må eg berre få seia tusen takk. Dette kom som de skjønar heilt overraskande på meg, men eg er veldig glad for at kommunen set pris på det som vert gjort. Det er eit stort arbeid, og meininga er å gi ungdomen litt ballast med på vegen, seier ein overraska prisvinnar.