Desse to pustar liv i Haugsdalen

NABOAR: Silje og Beate er vorte naboar i Haugsdalen. Eit friskt pust blant dei godt vaksne naboane.

NABOAR: Silje og Beate er vorte naboar i Haugsdalen. Eit friskt pust blant dei godt vaksne naboane.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MASFJORDEN: Dei siste åra har fleire flytta til Haugsdalen. Beate og Silje er to av dei som er flytta «heim».

DEL

– Altså, eg skjønar ikkje kvifor ikkje fleire flyttar hit. Det er jo heilt fantastisk, seier Beate Irmelin Matre (31) Ho har sjølv vakse opp i dalen.

Shoppar på nett

– Eg hadde ikkje så mykje val eigentleg, for sambuaren min var odelsgut på Tverberg, fortel Beate. Så frå å bu i Åsane og jobba på Haukeland, flytta ho tilbake til Haugsdalen i 2011. No er det tre år sidan dei overtok drifta på garden, der dei held mjølkekyr, oksar, kattar, kanin og ein hund.


– Og eg angrar ikkje, legg ho til. For sjølv om det ikkje finst mobildekning her og det er eit kvarter å køyra til butikken, så er dei godt fornøgd med situasjonen.
– Det blir ikkje mange shoppingturane, men kva gjer vel det? No er det netthandel som gjeld, og då får ein levert alt på døra, ler Beate.

– Og ein vert van med å ikkje alltid ha mobilen med. Det blir fleire spontane besøk på den måten, og det er jo veldig kjekt, legg Silje Vågseth Kjetland (29)

Alltid noko å gjera

For Silje starta historien litt tidlegare. Alt i 2007 flytta dei frå Åsane og inn til Haugsdalen. Silje hadde funne seg ein mann som var oppvaksen på Kjetland, og dei flytta inn i gamlehuset etter besteforeldra hans.
– Etter ei stund reiv vi gamlehuset og bygde opp vårt eige, fortel Silje. No bur ho der saman med mann og tre viltre gutar under skulealder.
 

Men sjølv om huset er ferdig bygd, er det framleis mykje å gjera.
– Det har vorte drive gard her tidlegare, men det er mange år sidan. No driv vi og pussar opp og bygger på, slik at vi får det fjøset vi ønskjer å ha.
 

Det er alltid noko å ta seg til når ein bur på gard, det er dei to einige om.
– I årstida vi går inn i no er det alltid noko å henga fingrane i, seier Beate.
– Ein må gå over gjerda, og sjekka at alt er i orden, og snart kjem vi til gylle-tida, som går kjapt over til slåtten. Mykje å gjera, men likevel er det kjekt når våren kjem, og sola kikkar fram att.

Utan vintersol

For her er det lite med sol om vinteren. Høge fjell rammar inn dalen på alle kantar, så det er først på våren at sola kjem tilbake.
– Dei første strålane kjem oppi skogsvegen, og då spring vi gjerne opp dit for å nyta sola. I starten er ho der berre i nokre minutt, men det har mykje å seia, fortel Beate.
 

– Likevel er det mykje kjekt om vinteren og, legg Silje til. I år har det då vore mykje snø, og det har Silje og familien utnytta godt.
– Vi har brukt lysløypa på Haukeland flittig. Elles er Haugsdalen meir eller mindre bilfri, noko vi nyt godt av.

«Ete ute»

Dei meiner sjølve at dei ikkje saknar å bu meir sentralt, verken med det å ta ein tur på kino eller eta på restaurant.
– Det var ikkje akkurat sånn at vi gjekk så masse ut på byen då heller, seier Beate.
Silje meiner at dei faktisk et oftare ute no enn før.
– Når vi et ute, då tenner vi gjerne eit bål som vi griller pølser på, og så et vi rett og slett ute, ler dei.

Naboskap

Når ein bur slik, midt i naturen, er det naturleg å bruka den for alt den er verd.
– Vi går masse på fjellet, fortel dei.
- Vi låner oss sæter, og har det flott på fjellet om somrane, seier Silje. Ingen av sætrene i Haugsdalsfjellet høyrer til gardane deira, men heldigvis er naboane behjelpelege, og lånar villig vekk plass på fjellet.
 

– Det er noko av det som er aller kjekkast med å bu her, vi går liksom i hop alle saman. Både unge og litt eldre, det er liksom ikkje noko skille, fortel Silje.
– Eg trur det er veldig kjekt for oss alle. Det å ha eit så godt forhold til menneska rundt meg, det er veldig godt.

Permisjonstid

Silje er for tida i mammaperm med minstemann Vegard. Dei to storebrørne Mathias (5) og Håkon (3) er ofte heime med dei, og finn på mykje sprell rundt husa heime.
– Dei likar å klatra og vera aktive, seier Silje, og legg til at Mathias er svært klar for å byrja på skulen.
– Han er oppteken av lesing og tal. Det er kjekt når dei er klar for skuletida, seier ho. Silje jobbar som lærar på Matre skule, og skal tilbake i arbeid til hausten igjen.
 

Beate har jobba som nattevakt på sjukeheimen til no, men skal snart inn i ny stilling som fagleiar i heimesjukepleia.
– Det blir spennande å gjera noko nytt, seier ho. Samstundes vert det litt rart å ikkje ha så mykje fri om dagane lenger.
– Men alt i alt vert det godt å få ein normal døgnrytme.

Hagearbeid

– Det er heilt fantastisk å gå inn i denne årstida her. No er åkersesongen snart i gang, og det er så kjekt å putla på uti hagen, seier Beate energisk. Ein kan høyra på dei at sola er tilbake, og våren i anmarsj.
– Vi byggjer jo opp heilt nye hagar, så det krevs ein del tid og krefter.
 

Silje hadde i fjor ein grønsaksåker, med mykje forskjellig godt i.
– Vi kunne plukka ruccola å ha rett på frukosten, det er luksus veit du, seier ho.
Det er fleire ting ein kan verta bortskjemte med når ein bur på landet.
– Vi hentar mjølk i fjøsen, og det er så lettvindt, fortel Beate.
– Vi er blitt veldig godt vand, og viss eg må handla mjølk på butikken så klarar eg nesten ikkje berekna kor mykje eg treng lenger, ler ho.

Bondekoner

Så sjølv om det er mykje arbeid, og til tider tungt å bu på gard, så er både Silje og Beate fornøgde med situasjonen.
– Det er heilt pefekt for oss! Og vi har alt vi treng like i nabobygdene, butikk på Haugsvær, barnehage og skule og basseng på Matre, fortel dei.
– No ventar vi på at vi skal få mobildekning, det hadde vore greitt å hatt i og med at vi er så mykje ute.
 

"Eg ser stor verdi med å bu på ein gard, både med å halda skog og beite, men og for at ungane skal få veksa opp med dyr og friluft rundt seg"


 

Artikkeltags