Heidrar vennskapen med Jan Roar Leikvoll i ny bok

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Forfattar Lars Ove Seljestad sitt forfattarskap gjekk i stå då hans nære ven og forfattarkollega Jan Roar Leikvoll døydde brått i 2014. Løysinga vart å skriva om tapet av Leikvoll. Onsdag lanserer han sin nye bok i Annfrid Leikvoll sitt galleri i Isdalstø.

DEL

Seljestad gav ut bøker på løpande band i perioden 2010 til 2014. Han er ei viktig røyst i norsk samtidslitteratur, og debuterte med romanen «Blind» i 2005. Hans førre bok var klar til lansering då han fekk høyra at Leikvoll var gått bort.

– Etter min førre bok «Kjære bror» som kom ut hausten 2014 streva eg veldig med å koma i gang, eg støtte på ein mur av motvilje og tvil, ei kjensle av noko som manglar. Tekstane eg begynte på døydde ut, fortel han til Avisa Nordhordland.

For å komme seg ut av skrivesperra starta hen ein prosess der han skreiv om tapet av sin nære ven og forfattarkollega.

– Vi var veldig nært knytte til kvarandre. Store delar av teksten blir då ei forteljing om vennskapen min med Jan Roar Leikvoll, seier han.

– Leikvoll var den aller første eg vart kjend med som forfattarspire då vi begge byrja på Skriveakademiet i 2002. Han fortalde meg si livshistorie. Han var ein utruleg samtalepartnar, uredd, og spurte og grov om ting ein gjerne ikkje ville våga første gongen ein vart kjend med nokon. Det var som om han hadde dårleg tid, han ville til kjernen, tida var knapp, fortel Seljestad.

– Det fanga meg og prega meg, seinare vart det liksom oss to.

Ein stabbestein

Han fortel at med dei første bøkene hans var Leikvoll den aller første lesaren.

– Eg stolte enormt på han som forfattar og medmenneske. For meg var han ein stabbestein i det nye og usikre livet mitt som forfattar. Det at han forsvann trefte meg veldig hardt. Etter at han var borte var det noko som mangla i mitt skriveliv, for å bruka det uttrykket, fortel Seljestad.

– Teksten vart ei forklaring, eller forståing, av kvifor alt stoppa opp for meg hausten 2014. Eg skreiv meg ut og gjennom meiningsløysa gjennom å skriva om Jan Roar, og så vart det jammen ei bok ut av det.

Den nye boka har fått tittelen «Ta hand om deg» som vart det faste avskilsuttrykket mellom dei to forfattarvennene. No tek han boka med til Galleri Songfuglen, som vert drive av mor til Jan Roar, Annfrid Leikvoll.

Ho var tidleg ute og ønska at han skulle ha lanseringa si der, og ser fram til å ha lanseringa i galleriet.

– Balsam for oss

– Eg er veldig for at kunsten til Jan Roar skal komma fram, og andre sin. Difor ser eg fram til ha lanseringa hos meg, seier Annfrid Leikvoll, som seier det kan vera opprivande å bli minna om tapet av sonen.

– Det er veldig opprivande, men likevel så fint. Det at nokon snakkar så fint om Jan Roar er balsam for oss, seier ho.

Seljestad trur galleriet er ein riktig plass for lanseringa.

– Først tenkte eg oi, det kan bli veldig nært. Etter å ha tenkt på det trur eg det kan bli veldig fint, eg trur det er heilt riktig. Det var eit raust og fint tilbod, seier han.

– Jan Roar er eit heilt avgjerande element i boka. I denne samanhengen vert det det viktigaste. Eg veit at Annfrid gler seg veldig over denne boka.

Seljestad har bede familien om godkjenning før boka vart gjeve ut.

Forfattar Jan Roar Leikvoll gjekk bort i 2014.

Forfattar Jan Roar Leikvoll gjekk bort i 2014. Foto:

– Eg har fått aksept frå familien for det eg gjer. Eg bestemte meg for å kontakta familien, og enda med å sende manus til søstera Christine Leikvoll i fjor haust.

– Eg er ikkje ein forfattar som har lyst til laga sensasjonar, eg skriv for å vera eit ærleg og oppriktig menneske, og forma tekstar som er viktige, seier han.

Lanseringa er onsdag kveld. Psykolog Magne Raundalen innleiar. Seljestad har også med seg ein ung og talentfull gitarist, Odd Erlend Mikkelsen.

Artikkeltags