Gå til sidens hovedinnhold

Kulinarisk med kafe

Ny butikk i lag med Godt Brød

Artikkelen er over 6 år gammel

KNARVIK: På leit etter gåva til den som har alt? Hjå «Kulinarisk» finn ein mengder av godt for ganen.

Mandag føremiddag kunne endeleg Hilde Rossang opna dørene til hennar nye butikk «Kulinarisk» vegg i vegg med vinmonopolet i Knarvik senter.
- Kulinarisk er som bondens marked med kortreiste godsaker, ein spesialforretning for daglegvarer og delikatesser, reklamerer ho.

Kortreiste godsaker

Mange vil dra kjensel på Hilde Rossang som innehavaren av Sunkost-butikken i senteret.
- Driv du no og konkurrerer med deg sjølve?
- Nei, det gjer eg ikkje. Dette er noko heilt anna. Her satsar eg på godsaker, gjerne kortreiste. Eg har avtale med to produsentar i Hardanger, men skulle gjerne hatt med nokre lokale også. Så har nokon lokaltproduserte godsaker dei vil eg skal selja, er det berre å ta kontakt, seier ho medan ho viser rundt.
Dei nyoppussa lokala er rustikke og trivelege, med oversiktlege hyller. Her finst det mengder av godsaker; utsøkt snop, nybrente kaffibønner som blir malt i butikken, te i stort utval, italiensk pasta, oljer, pesto, syltetøy, oliven og juice mm. Og ein del koppar, krukker, serviettar og anna interiør frå Mille Moi.

Sjokolade med ekte gull

– Kva med ein handlaga sjokolade med 23 karat gulldryss, eller ein som er laga for å passa spesielt til vin? Eller kan eg freista med ein varm kopp kvit sjokolade, eller sjokolade med chilli eller mint, spør Hilde og smiler.
Ho har alt sikra seg eit par sortar julekaker frå Godt Brød. Men det er berre ein beskjeden start, for frå midten av januar vil dei vera ein aktiv samarbeidspartnar. Då kjem det og kafe, i den yste delen av lokalet som no er tapetsert og gjort ferdig.

Godt Brød og kafe

– Her vert det kafe og utsal av bakervarer, slik ein er vand med å finna hjå Godt Brød, seier ho. Nokre stolar ute på torget utforbi er også planlagt.
Medan vi står og prater, kjem det stadig kundar innom - for å gratulera og for å handla. Og frå dei alle er lyden den same; ein utsøkt butikk med ufatteleg mykje godt. Dette vert helst varmt velkomen.
Også huseigarane er innom med blomster og lukkeønskingar.
Blant dei handlande er Liv Margareth Alver. På Kulinarisk si facebookside skriv ho; «Morsom og spennende butikk».

Kommentarer til denne saken