Mard Issa stiller ut i Galleri Songfuglen: – Opnar nye landskap

NYE LANDSKAP: Mard Issa sine måleri opnar vegen for nye tankar om både det ytre og det indre landskap. FOTO: Morten Sæle
– Eg er stolt over å få Mard Issa til galleriet, eg vart så glad då han sa ja til å stilla ut.
Det seier Annfrid Leikvoll som står bak Galleri Songfuglen. Mard Issa er den første kunstnaren som stiller ut i galleriet i Isdalstø utanom Annfrid sjølv etter at galleriet opna i mai i år.
LES OGSÅ: Annfrid Leikvoll opna eige galleri i Isdalstø: Stinn brakke i Garveriet
Issa er opphavleg frå Irak, og har klassisk utdanning innan måling frå kunstakademiet i Bagdad og frå Italia. Han kom til Norge som politisk flyktning i 1994.
Målar kjensler
– Vi målar begge kjensler, men han malar meir synleg enn meg, seier Annfrid, som fleire gonger har vore på besøk i Issa sitt atelier i Asker.
– Eg har vore og malt mykje hos han, og han har vore hjå oss, seier Annfrid, som fortel at dei har kjend kvarandre i over 20 år.
Issa har eit ønske om å visa at det finst noko vakkert i det heslege, og det er sagt om bilda hans at dei har ein dybde som viser veg til nye landskap, ikkje berre i den ytre verda, men òg i den verda som er inni oss.
Dette ønsket gir ofte sterke motiv, men Issa har vald å tona ned det brutale på denne utstillinga.
– Her hos Annfrid viser eg berre snille motiv, og lite av surrealisme eller grufulle motiv, seier kunstnaren, som er glad for å få stilla ut i Annfrid sine flotte lokale.
Ut september
I dag er det opning i Galleri Songfuglen, og utstillinga vil henga i ein månad. Kunstnaren sjølv vert til stades på opninga. Han har nettopp avslutta ei utstilling i Ungarn, og frå 3. -20. september deltek han på ei fellesutstilling på Henie Onstad Kunstsenter på Høvik.
Kommentarer til denne saken